Pressemøte med olje- og energiministeren og vassdrags- og energidirektøren

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Olje- og energiminister Terje Aasland tek imot to rapportar om verknader og juridiske sider ved ulike nettløysingar for vindkraft til havs.

Nett-tv Pressemøte med olje- og energiministeren og vassdrags- og energidirektøren

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Rapportane er laga av Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) og Reguleringsmyndigheita for energi (RME) på oppdrag frå Olje- og energidepartementet. Vassdrags- og energidirektør Kjetil Lund presenterer rapportane.

Tid: 
Måndag 27. mars kl. 09.00. 

Stad: 
Arrangementet går føre seg i presserommet i R6, Teatergata 9. Dørene opnar kl. 08.30.  Ta med gyldig pressekort og ID. 

Strøyming:
Pressemøtet blir filma av Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa (DSS) og kan følgjast direkte på denne sida. Her kan også videofila lastast ned i etterkant. DSS distribuerer publiseringspunkt til media som vil sende pressemøtet direkte. DSS kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller e-post dss-videoproduksjon@dss.dep.no.

Presse som ønskjer å bygge inn nett-tv-sendinga på sine nettsider finn embed-kode ved å trykkje «Del video»-knappen i videospelaren på sida.