Pressekonferanse om utlysing av havvindområde

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Statsminister Jonas Gahr Støre og olje- og energiminister Terje Aasland inviterer til pressekonferanse der dei vil presentere utlysinga av dei første områda for fornybar energiproduksjon til havs i Noreg.

Nett-tv Pressekonferanse om utlysing av havvindområde

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Tid: Onsdag 29. mars kl. 13, med oppmøte for presse seinast kl. 12.30.

Stad: Pressekonferansen går føre seg ute på fjorden på den heilelektriske båten MS Brisen. Oppmøte for akkreditert presse ved Stranden 30 på Aker Brygge frå kl. 12.00. Båten legg frå kai om lag kl. 12.40. Ta med gyldig pressekort og ID. Båten er tilbake ved Aker Brygge om lag kl. 14.15. 

Påmelding til rvi@smk.dep.no innan onsdag 29. mars kl. 10.00.

Presse som ikkje har høve til å vere til stades på pressekonferansen kan sende inn spørsmål til smkinfo@smk.dep.no med teksten «Havvind» i emnefeltet. Avsendar-adressa må vere registrert hjå eit mediehus eller oppgi frilansoppdrag. Me kan ikkje garantere at det blir tid til å stille alle spørsmåla på pressekonferansen.

Statsministerens kontor legg til rette for deling av foto og video. Foto til fri bruk blir publisert på Flickr. Pressekonferansen blir filma av Sikkerheits- og serviceorganisasjonen til departementa (DSS) og kan følgjast direkte på www.regjeringa.no. Her kan også videofila lastast ned i etterkant. DSS distribuerer publiseringspunkt til media som vil sende pressekonferansen direkte. DSS kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller e-post dss-videoproduksjon@dss.dep.no.

Presse som ønskjer å bygge inn nett-tv-sendinga på sine nettsider finn embed-kode ved å trykkje «Del video»-knappen i videospelaren på sida.

Pressekontaktar for statsministeren er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post kth@smk.dep.no og og kommunikasjonsrådgivar Tone Hertzberg, telefon 91191313, e-post the@smk.dep.no.

Pressekontaktar for olje- og energiministeren er kommunikasjonssjef Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post arvid.samland@oed.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Stine Grimsrud, telefon 97 19 42 50, e-post stgr@oed.dep.no.