Pressekonferanse om mottak og opphald for fordrivne frå Ukraina
Pressemelding | Nr: 8 – 2024 | Dato: 28.01.2024 | Justis- og beredskapsdepartementet, Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl (Sp) og arbeids- inkluderingsminister Tonje Brenna (Ap) inviterer til pressekonferanse måndag 29. januar om situasjonen med fordrivne frå Ukraina.
Pressekonferanse om mottak og opphald for fordrivne frå Ukraina
Sjå sendinga her
Stad: Marmorhallen, Klima- og miljødepartementet, Kongens gate 20.
Tid: Måndag 29. januar klokka 13:30.
Hugs å ha med gyldig ID / pressekort.
Pressekontaktar:
For justis- og beredskapsministeren: Kommunikasjonsrådgjevar Andreas Bjørklund, mobil 412 86 911
For arbeids- og inkluderingsministeren: Kommunikasjonsrådgjevar Jonas Unstad, mobil 479 35 382
Om sendinga
Arrangementet blir filma av Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa (DSS) og kan følgjast direkte på denne sida. Her kan også videofila lastast ned i etterkant. DSS distribuerer publiseringspunkt til media som vil sende arrangementet direkte. DSS kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller e-post dss-videoproduksjon@dss.dep.no.
Presse som ønskjer å bygge inn nett-tv-sendinga på sine nettsider finn embed-kode ved å trykkje «Del video»-knappen i videospelaren på sida.
Pressekonferansen blir også overført på Facebook live.