Pressekonferanse om kunstig intelligens
Pressemelding | Dato: 31.08.2023 | Kunnskapsdepartementet, Statsministerens kontor
Statsminister Jonas Gahr Støre og forskings- og høgare utdanningsminister Sandra Borch inviterer til pressekonferanse om kunstig intelligens og digital tryggleik.
Pressekonferanse om kunstig intelligens
Sjå sendinga her
- Stad: Universitetet i Oslo, Universitetsbiblioteket, Georg Sverdrups hus
- Tid: Torsdag 7. september 2023, klokka 10.00.
Presse som ønskjer å vere til stades kan melde seg på til kdinfo@kd.dep.no innan onsdag 6. september klokka 16.00.
Pressa møter opp frå kl. 09.30. Ta med pressekort og gyldig id.
Pressekontaktar for statsministeren er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon: 97 68 14 80, e-post: kth@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Kaja Schill Godager, telefon: 91 91 98 93, e-post: ksg@smk.dep.no
Pressekontakt for forskings- og høgare utdanningsministeren er kommunikasjonssjef Anders Lundell, telefon: 900 49 636, e-post: anders.lundell@kd.dep.no
Strøyming
Pressekonferansen vil bli strøymd på www.regjeringen.no/kd
Her kan også videofila lastast ned i etterkant. DSS distribuerer publiseringspunkt til medium som vil senda pressekonferansen direkte. DSS kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller e-postdss-videoproduksjon@dss.dep.no
Presse som ønskjer å byggja inn nett-tv-sendinga på nettsidene sine finn embed-kode ved å trykkja «Del video»-knappen i videospelaren på sida.