Pressekonferanse om koronasituasjonen
Pressemelding | Nr: 10/22 | Dato: 27.01.2022 | Statsministerens kontor, Finansdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet
Statsminister Jonas Gahr Støre, finansminister Trygve Slagsvold Vedum og helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol inviterer til pressekonferanse om koronasituasjonen tysdag 1. februar klokka 19.00.
Pressekonferanse om koronasituasjonen 1.februar
Sjå sendinga her
Arabisk – شاهد المؤتمر الصحفي باللغة العربية
Sjå sendinga her
معلومات عن فیروس کورونا بلغات أخری
Dari - کنفراس مطبوعاتی را با ترجمه زبان فارسی دری در اینجا تماشا کنید
Sjå sendinga her
معلومات در مورد ویروس کرونا به زبانهای دیگر
English - Watch the press conference
Sjå sendinga her
Corona information in other languages
Polsk – Obejrzyj konferencję prasową po polsku
Sjå sendinga her
Informacje na temat koronawirusa w innych językach
Russisk – Смотрите пресс-конференцию правительства с переводом на русский язык
Sjå sendinga her
Информация о коронавирусе на других языках
Somali – Daawo shirkii jaraa´id ee dawlada oo loo turjumay Afsoomaali
Sjå sendinga her
Warbixinta koroonaha oo luuqado kale ku qoran
Tigrinja – ናብ ትግርኛ ዝተቶርጎመ ጋዜጣዊ መግለጺ
Sjå sendinga her
Tyrkisk - Basın toplantısını buradan izleyin
Sjå sendinga her
Diğer dillerde korona ile ilgili bilgiler
Urdu – اردو میں پریس کانفرنس دیکھیں
Sjå sendinga her
یگر زبانوں میں کورونا کے بارے میں معلومات
Helsedirektør Bjørn Guldvog og FHI-direktør Camilla Stoltenberg vil òg vere til stades.
Stad: Marmorhallen, Klima- og miljødepartementet, Kongens gate 20.
Oppmøtetid: Tysdag 1. februar klokka 18:45. Ta med gyldig pressekort og ID.
Påmelding: hbo@smk.dep.no innan tysdag 1. februar kl. 17.00.
Presse som ikkje har høve til å møte eller som ikkje ynskjer å kome på grunn av smittefare, kan sende inn spørsmåla sine til smkinfo@smk.dep.no med teksten PK0102 i emnefeltet. Innsendingsfrist tysdag 1. februar klokka 18.00. Avsendaradressa må vere registrert hjå eit mediehus eller oppgi frilans-oppdrag. Vi kan ikkje garantere at alle spørsmåla blir stilt i pressekonferansen.
Statsministerens kontor legg til rette for deling av foto og video. Foto til fri bruk blir publisert på Flickr. Pressekonferansen blir filma av Departementenes sikkerhets- og serviceorganisasjon (DSS) og kan følgjast direkte på www.regjeringa.no. Der kan også videofila lastast ned i etterkant. DSS distribuerer som vanleg publiseringspunkt til medium som vil sende pressekonferansen direkte. DSS kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller e-post dss-videoproduksjon@dss.dep.no.
Pressekontaktar:
Pressekontaktar for statsministeren er statssekretær Tale Benedikte Jordbakke, telefon 97 65 14 57, e-post tjo@smk.dep.no og kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no.
Pressekontakt for finansministeren er kommunikasjonssjef Therese Riiser, telefon 94 05 08 86, e-post trw@fin.dep.no.
Pressekontakt for helse- og omsorgsministeren er kommunikasjonsrådgivar Nina Husom, telefon 91 39 56 08, e-post nina.husom@hod.dep.no.
Presse som ønskjer å byggje inn nett-tv-sendinga på sine nettsider kan bruke følgjande embed-kode: <div id='wowza_player'></div><script id='player_embed' src='//player.cloud.wowza.com/hosted/k7fvkgpt/wowza.js' type='text/javascript'></script>