Presseinvitasjon:

Pressekonferanse om IMF si vurdering av Noreg

Fredag 28. juni kl. 10:00 overleverer Det internasjonale pengefondet (IMF) sin rapport om norsk økonomi til statssekretær Erlend Grimstad (Sp).

Nett-tv Pressekonferanse om IMF si vurdering av Noreg

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Ein delegasjon frå IMF har hatt møter med relevante styresmakter og observatørar i Noreg. Rapporten er ein del av IMF si bilaterale overvaking av Noreg (såkalla Artikkel IV-konsultasjon). Tema i gjennomgangen er norsk økonomi og økonomisk politikk.

Tid: Fredag 28. juni kl. 10:00.

Stad: Finansdepartementet, Akersgata 40.

Påmelding til presse@fin.dep.no

Dørene opnar kl. 09:45.

Pressekonferansen er øyremerkt medlemer av pressa. Ta med gyldig pressekort eller ID med bilete.

Pressekonferansen blir overført direkte på nett-TV.

Pressekontakt

Kommunikasjonsrådgivar Cecilie Skjennald, e-post: cecilie.skjennald@fin.dep.no, tlf. 92 83 18 58.

Om sendinga

Pressekonferansen blir strøymd av Departementenes sikkerhets- og serviceorganisasjon (DSS), og kan følgjast direkte på regjeringa.no.

Der kan også videofila lastast ned i etterkant.

DSS distribuerer publiseringspunkt til medium som vil sende pressekonferansen direkte. Kontaktperson for dette blir nådd på telefon 22 24 88 45 eller dss-videoproduksjon@dss.dep.no.

Presse som ønskjer å byggje inn nett-tv-sendinga på nettsidene sine finn embed-kode ved å trykkje «Del video»-knappen i videospelaren på sida.