Pressekonferanse om havvind
Pressemelding | Dato: 20.03.2024 | Energidepartementet, Statsministerens kontor
Statsminister Jonas Gahr Støre og energiminister Terje Aasland inviterer til pressekonferanse i samband med at auksjonen for utbygging av havvind i området Sørlege Nordsjø II er gjennomført.
Pressekonferanse om havvind
Sjå sendinga her
Tid: Onsdag 20. mars kl. 10.45
Stad: Marmorhallen, Kongens gate 18 i Oslo.
Ta med pressekort og gyldig id.
Oppmøte for presse frå kl. 10.30.
Presse som ikkje har høve til å vere til stades på pressekonferansen kan sende inn spørsmål til info@ed.dep.no med teksten «Havvind» i emnefeltet. Avsendar-adressa må vere registrert hjå eit mediehus eller oppgi frilansoppdrag. Me kan ikkje garantere at det blir tid til å stille alle spørsmåla på pressekonferansen.
Pressekonferansen blir filma av Departementenes sikkerhets- og serviceorganisasjon (DSS) og kan følgjast direkte på www.regjeringa.no. Der kan også videofila lastast ned i etterkant. DSS distribuerer som vanleg publiseringspunkt til media som vil sende pressekonferansen direkte. DSS kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller e-post dss-videoproduksjon@dss.dep.no.
Pressekontakt for statsministeren er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80 og kommunikasjonsrådgivar Tone Hertzberg, telefon 91 19 13 13.
Pressekontaktar for energiministeren er kommunikasjonssjef Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post arvid.samland@ed.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Stine Grimsrud, telefon 97 19 42 50, e-post stgr@ed.dep.no.