Pressekonferanse om havvind
Pressemelding | Dato: 05.12.2022 | Energidepartementet
Olje- og energiminister Terje Aasland inviterer til pressekonferanse om havvind tysdag 6. desember kl. 08.45. På pressekonferansen vil han presentere sentrale rammevilkår for utbygging av havvind på Sørlige Nordsjø II og Utsira Nord.
Pressekonferanse om havvind
Sjå sendinga her
Tid: Tysdag 6. desember kl. 08.45.
Stad: Marmorhallen, Klima- og miljødepartementet, Kongens gate 20.
Påmelding til info@oed.dep.no innan tysdag 6. desember kl. 08.00.
Oppmøte for akkreditert presse frå kl. 08.15. Ta med gyldig pressekort og ID.
Presse som ikkje har høve til å vere til stades på pressekonferansen kan sende inn spørsmål til info@oed.dep.no med teksten «Havvind» i emnefeltet. Avsendar-adressa må vere registrert hjå eit mediehus eller oppgi frilansoppdrag. Me kan ikkje garantere at det blir tid til å stille alle spørsmåla på pressekonferansen.
Pressekonferansen blir filma av Departementenes sikkerhets- og serviceorganisasjon (DSS) og kan følgjast direkte på www.regjeringa.no. Der kan også videofila lastast ned i etterkant. DSS distribuerer som vanleg publiseringspunkt til media som vil sende pressekonferansen direkte. DSS kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller e-post dss-videoproduksjon@dss.dep.no.
Pressekontaktar er kommunikasjonssjef Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post arvid.samland@oed.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Margrete Løbben Hanssen, telefon 92 85 78 91, e-post mlh@oed.dep.no