Pressekonferanse om betre styring med forsyningssikkerheita for kraft
Pressemelding | Dato: 26.01.2023 | Statsministerens kontor, Energidepartementet
Statsminister Jonas Gahr Støre og olje- og energiminister Terje Aasland inviterer til pressekonferanse der dei orienterer om tiltak for å betre forsyningssikkerheita for kraft. Vassdrags- og energidirektør Kjetil Lund er også til stades, og held ein kort presentasjon.
Pressekonferanse om betre styring med forsyningssikkerheita for kraft
Sjå sendinga her
Tid: Fredag 27. januar kl. 08.15.
Stad: Marmorhallen, Klima- og miljødepartementet, Kongens gate 20.
Påmelding til rvi@smk.dep.no innan torsdag 26. januar kl. 20.00.
Oppmøte for akkreditert presse seinast 07.45. Ta med gyldig pressekort og ID.
Statsministerens kontor legg til rette for deling av foto og video. Foto til fri bruk blir publisert på Flickr. Pressekonferansen blir filma av Departementenes sikkerhets- og serviceorganisasjon (DSS) og kan følgjast direkte på www.regjeringa.no. Der kan også videofila lastast ned i etterkant. DSS kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller e-post dss-videoproduksjon@dss.dep.no.
Presse som ønskjer å bygge inn nett-tv-sendinga på sine nettsider finn embed-kode ved å trykkje «Del video»-knappen i videospelaren på sida.
Pressekontaktar for statsministeren er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post kth@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 97 53 09 48, e-post ano@smk.dep.no.
Pressekontaktar for olje- og energiministeren er kommunikasjonsrådgivar Stine Grimsrud, telefon 97 19 42 50, e-post stine.grimsrud@oed.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Jo Henrik Jarstø, telefon 99 55 75 23, e-post jo-henrik.jarsto@oed.dep.no.