Pressekonferanse: Ny modell for opptak til høgare utdanning

Forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel og kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun inviterer til pressekonferanse 5. april kl. 10. Denne dagen legg regjeringa fram to nye stortingsmeldingar: ei om opptak til høgare utdanning og ei om profesjonsutdanningane.

Stortingsmelding om opptak til høgare utdanning

I denne meldinga legg regjeringa fram forslag til endringar i opptaksregelverket. Meldinga er ei oppfølging av forslaga frå Opptaksutvalet og høyringsinnspela som er komne i etterkant. Regjeringa vil legge til rette for at fleire kjem raskare i gang med høgare utdanning, og at opptaksregelverket blir enklare.

Stortingsmelding om profesjonsutdanningane

Samstundes som det skal bli enklare å kome i gang, vil regjeringa styrke eigenarten og relevansen i utdanningane til nokre av dei viktigaste yrka for velferd og verdiskaping i Noreg, nemleg helse- og sosialarbeidarar, lærarar og ingeniørar. I stortingsmeldinga om profesjonsutdanningane legg regjeringa fram ei rekke grep for å gjere desse utdanningane meir praksisnære og tilgjengelege for fleire.

  • Stad: Universitetet i Oslo, Universitetsbiblioteket, Georg Sverdrups hus
  • Tid: NB! Nytt tidspunkt: Fredag 5. april 2024, kl. 10.00. 

Påmelding

Presse som ønsker å vere til stades kan melde seg på til kommunikasjonsrådgivar anneline.svensen@kd.dep.no.

Pressa møter opp frå kl. 09.30. Ta med pressekort og gyldig id.

Pressekontakt for forskings- og høgare utdanningsministeren er kommunikasjonssjef Anders Lundell, telefon: 900 49 636, e-post: anders.lundell@kd.dep.no

Strøyming

Nett-tv Ny modell for opptak til høgare utdanning

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Pressekonferansen vil bli strøymd av Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa (DSS) og kan følgast direkte på denne sida. Her kan også videofila lastast ned i etterkant. Strøyminga blir teiknspråktolka. DSS distribuerer publiseringspunkt til media som vil sende pressekonferansen direkte. DSS kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller e-post dss-videoproduksjon@dss.dep.no.

Presse som ønsker å bygge inn nett-tv-sendinga på sine nettsider finn embed-kode ved å trykke «Del video»-knappen i videospelaren på sida.