Presseinvitasjon: Førebels rapport frå TBU
Pressemelding | Dato: 14.02.2023 | Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Måndag 20. februar legg Det tekniske berekningsutvalet for inntektsoppgjera (TBU) fram ein førebels rapport om grunnlaget for lønnsoppgjera i 2022.
Førebels rapport frå TBU
Sjå sendinga her
Leiar for utvalet, Geir Axelsen, presenterer rapporten i Arbeids- og inkluderingsdepartementet sine lokale i Akersgata 64.
Etter rapporten er lagt fram vil det bli opna opp for spørsmål.
Tid: Måndag 20. februar kl. 10:00, oppmøte seinast kl. 09:30
Stad: Akersgata 64
Frist påmelding for fysisk oppmøte: torsdag 16. februar til presse@aid.dep.no
Hugs godkjend identifikasjon (pass, førarkort, id-kort).
Pressekontakt
Linn Marie Hammernes
E-post: linn-marie.hammernes@aid.dep.no
Tlf: 90 50 41 51
Strøyming:
Pressekonferansen blir filma av Departementenes sikkerhets- og serviceorganisasjon (DSS) og kan følgjast direkte på www.regjeringa.no. Der kan også videofila lastast ned i etterkant. DSS distribuerer som vanleg publiseringspunkt til media som vil sende pressekonferansen direkte. DSS kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller e-post dss-videoproduksjon@dss.dep.no.
Presse som ønskjer å bygge inn nett-tv-sendinga på sine nettsider finn embed-kode ved å trykkje «Del video»-knappen i videospelaren på sida.