NB! Nytt tidspunkt
Presseinvitasjon: Seminar om kvalitet i høgare utdanning
Pressemelding | Dato: 06.06.2024 | Kunnskapsdepartementet
Kva kvalitetsutfordringar er det i norsk høgare utdanning? Korleis kan vi oppretthalde brei tillit til utdanningskvaliteten? Korleis ser kvalitetsutviklinga ut, både innanfrå og utanfrå universiteta og høgskulane?
Seminar om kvalitet i høgare utdanning
Sjå sendinga her
Forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp) inviterer undervisarar, kommentatorar og andre som har engasjert seg i debatten om kvalitet i høgare utdanning til seminar tysdag 11. juni.
Statsråd Oddmund Hoel opnar møtet, og det vil vere innlegg og debatt med kjende stemmer frå akademia, organisasjonar og media.
Stad: Representasjonsanlegget til regjeringa, inngang Riddervoldsgate 2, Oslo.
Tid: Tysdag 11. juni 2024, klokka 13.00 til 16.30. Registrering og kaffi frå 12.30.
Program:
Statsråd Hoel innleiar, før det blir innlegg ved:
- Bernt Hagtvet, UiO
- Hilde Gunn Slottemo, Nord universitet
- Aksel Tjora, NTNU
- Anders Malthe-Sørensen, UiO
- Elisabeth Josefine Lackner, Agenda Kaupang
Paneldebatt med samfunnsperspektiv på høgare utdanning
- Eva Grinde, Dagens Næringsliv
- Ingeborg Misje Bergem, Morgenbladet
- Kristin Clemet, Civita
- Magnus Marsdal, Manifest Analyse
Plenumsdebatt med åpningsreplikker ved:
- Norsk studentorganisasjon
- Universitets- og høgskolerådet
- Akademiet for yngre forskere
- Forskerforbundet
Presse: Pressa møter opp kl. 12.30 for skanning av kamera og utstyr. Ta med pressekort og gyldig id (førarkort, pass eller nasjonalt ID-kort).
Påmelding: Presse som ønsker å vere til stades må melde seg på til kommunikasjonsrådgivar Johanne Severinsen: johanne.severinsen@kd.dep.no.
Pressekontakt for forskings- og høgare utdanningsministeren er kommunikasjonssjef Anders Lundell, telefon: 900 49 636, e-post: anders.lundell@kd.dep.no.
Strøyming
Pressekonferansen vil bli strøymd av Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa (DSS) og kan følgast direkte på denne sida. Her kan også videofila lastast ned i etterkant. DSS distribuerer publiseringspunkt til media som vil sende pressekonferansen direkte. DSS kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller e-post dss-videoproduksjon@dss.dep.no.
Presse som ønsker å bygge inn nett-tv-sendinga på sine nettsider finn innbyggingskode ved å trykke «Del video»-knappen i videospelaren på sida.