Presseinvitasjon: Samfunnsøkonomiske konsekvensar av vald i nære relasjonar
Pressemelding | Nr: 23 – 2023 | Dato: 27.02.2023 | Justis- og beredskapsdepartementet
Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl får rapport om samfunnsøkonomiske konsekvensar av vald i nære relasjonar onsdag 1. mars 2023.
Samfunnsøkonomiske konsekvensar av vald i nære relasjonar
Sjå sendinga her
På oppdrag frå Justis- og beredskapsdepartementet har Menon Economics analysert samfunnskostnadane ved vald i nære relasjonar. Forskarane har talfesta at vald i nære relasjonar utgjorde 92,7 milliardar kroner i 2021.
Tid: Onsdag 1. mars kl. 10.00-11.00 (registrering frå kl. 9.30. Hugs pressekort og gyldig ID)
Stad: Regjeringa sitt representasjonsanlegg, Riddervoldsgate 2.
Påmelding og pressekontakt: Påmelding innan kl. 09.00 1. mars til Linda Hafstad, linda.hafstad@jd.dep.no, 47038968
Strøyming:
Pressekonferansen blir filma av Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa (DSS) og kan følgjast direkte på denne sida. Her kan også videofila lastast ned i etterkant. DSS distribuerer som vanleg publiseringspunkt til media som vil sende pressekonferansen direkte. DSS kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller e-post dss-videoproduksjon@dss.dep.no.
Presse som ønskjer å bygge inn nett-tv-sendinga på sine nettsider finn embed-kode ved å trykkje «Del video»-knappen i videospelaren på sida.