Presseinvitasjon: Pressekonferanse om PIRLS-undersøkinga 2021
Pressemelding | Dato: 12.05.2023 | Kunnskapsdepartementet
Resultata frå den internasjonale leseundersøkinga PIRLS 2021 blir lagde fram tysdag 16. mai. Kunnskapsminister Tonje Brenna vil kommentere resultata etter at forskarane frå Lesesenteret har lagt fram den norske rapporten.
Pressekonferanse om PIRLS-undersøkinga 2021
Sjå sendinga her
16. mai får vi resultata frå PIRLS (Progress in Reading Literacy Study). Undersøkinga måler leseferdigheiter blant 10-åringar, og blir gjennomført kvart femte år. 65 land deltok i 2021. I Noreg deltok 7000 elevar på 5. trinn våren 2021.
Tid: Tysdag 16. mai, kl. 10.00 – 10.30.
Stad: Kunnskapsdepartementet, Kirkegata 18, Oslo.
Program
Kl. 10.00 – 10.03: Hanne Roald i kommunikasjonseininga ønskjer velkommen
Kl. 10.03 – 10.23: Forskar Åse Kari H. Wagner legg fram hovedfunna frå undersøkinga
Kl. 10.23 – 10.30: Kunnskapsminister Tonje Brenna kommenterer
Kl. 10.30 – 10.45: Pressetid og høve til separate intervju.
Pressekonferansen vil bli strøymd på www.regjeringen.no/kd
Journalistar bør melde seg på dagen før, og møte opp før kl. 09.50. Hugs gyldig ID. Påmelding eller spørsmål kan sendast til kommunikasjonsrådgjevar Hong Pham (hong.pham@kd.dep.no, tlf. 911 35 990).