Presseinvitasjon: Presentasjon av granskingsutvalet i Baneheia-saka
Pressemelding | Nr: 14 – 2023 | Dato: 09.02.2023 | Justis- og beredskapsdepartementet
Regjeringa vil fredag 10. februar sette ned utvalet som skal granske straffesaka mot Viggo Kristiansen.
Presentasjon av granskingsutvalet i Baneheia-saka
Sjå sendinga her
Granskingsutvalet har fått eit av dei viktigaste samfunnsoppdraga som er gitt innanfor norsk justissektor på lang tid. Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl vil derfor invitera pressa for å presentere utvalet sitt mandat og leiaren av utvalet.
Tid: Fredag 10. februar kl. 13.00
Stad: Riddervolds gate 2, 0256 Oslo.
Me ber journalistar registrere seg innan kl. 11.00 ved å sende e-post til Merete.Romestrand@jd.dep.no.
Møt opp i god tid og seinast 12.45, og hugs å ha med gyldig ID.
Det vil og bli høve til å strøyme pressekonferansen.
Pressekontakt
Kommunikasjonsrådgjevar Merete Romestrand, mobil 47 62 13 62
Strøyming:
Pressekonferansen blir filma av Departementenes sikkerhets- og serviceorganisasjon (DSS) og kan følgjast direkte på www.regjeringa.no. Der kan også videofila lastast ned i etterkant. DSS distribuerer som vanleg publiseringspunkt til media som vil sende pressekonferansen direkte. DSS kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller e-post dss-videoproduksjon@dss.dep.no.
Presse som ønskjer å bygge inn nett-tv-sendinga på sine nettsider finn embed-kode ved å trykkje «Del video»-knappen i videospelaren på sida.