Presseinvitasjon: Næringsministeren opnar Hydros nye resirkuleringsanlegg i Årdal onsdag 10. april

Onsdag 10. april opnar Jan Christian Vestre offisielt Hydros nye gjenvinningsanlegg i Årdal. Markeringa skjer i tilknyting til den oppgraderte støpelinja ved fabrikken Hydro Årdal, som no kan levere aluminium med ekstra lågt karbonavtrykk.

Hydro har investert i gjenvinningsteknologi i støyperiet i Årdal som svar på auka etterspurnad etter aluminium med lågt karbonavtrykk, særleg frå den europeiske bilindustrien. Den nye støpelegeringa frå Årdal inneheld 25 prosent brukt og gjenvunnet aluminium.

 

Pressa er velkomen til å delta på heile programmet og statsråden er tilgjengeleg for intervjuar.

Program for næringsministeren sitt besøk:

Kl. 12.45– 13.45: Opning av Hydro sitt nye resirkuleringsanlegg. Næringsministeren held innlegg, og det vert omvisning på anlegget. Oppmøte: Hovudporten til Hydro i Øvre Årdal.

Akkreditering: Medium som ønskjer å delta, kan melde seg på til jens.christian.boysen@hydro.com med kopi til are.indrelid@hydro.com. Oppmøte i god tid, seinast kl. 11:45 ved hovudporten til Hydro i Øvre Årdal.

Moglegheit for presseintervju frå kl. 13:30 – 13:40.

Kl. 14.00 – 15.00: Bedriftsbesøk til Årdal Teknologipark. Adresse: Verksvegen 5, 6884 Øvre Årdal.

Kl. 15.00- 16.00: Innspelsmøte med lokalt næringsliv. Adresse: Verksvegen 5, 6884 Øvre Årdal.

Kl. 16.10 – 16.40: Bedriftsbesøk hos NorSun. Adresse: Tangevegen 3, Årdalstangen

Pressekontakt: Helene Hoddevik Mørk, kommunikasjonsrådgivar i Nærings- og fiskeridepartementet, e-post: hhm@nfd.dep.no, mob: 943 59881.