Presseinvitasjon: Kultur- og likestillingsministeren mottar utgreiing om CRPD

Regjeringa sette ned eit juridisk ekspertutval i desember 2022 som skulle greie ut korleis FNs konvensjon om rettane til personar med nedsett funksjonsevne skal innlemmast i norsk lov. No er utvalet klar med si utgreiing.

Nett-tv Kultur- og likestillingsministeren mottar utgreiing om CRPD

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

CRPD står for "Convention on the Rights of Persons with Disabilities", altså FN-konvensjonen om rettar til menneske med nedsett funksjonsevne på norsk.

Tid: 15. januar, kl. 09.00.
Stad: Marmorhallen, Klima- og miljødepartementet, Kongens gate 20, Oslo.
Tolking: Presentasjonen blir tolka på teiknspråk.
Påmelding: Vi ber pressa melde si interesse til kudinfo@kud.dep.no innan fredag 12. januar. Ha med gyldig legitimasjon som pass, nasjonalt ID-kort eller fysisk førarkort. Unngå store bagar, sekker eller store vesker på grunn av inngangs- og sikkerheitskontroll.

Utvalsleiar Hilde Indreberg og utvalsmedlem Sven Ole Fagernæs vil presentere utgreiinga. Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery og utvalsleiar Hilde Indreberg vil vere tilgjengelege for ein-til-ein-intervju etter overleveringa.

Ekspertutvalet har bestått av høgsterettsdommar Hilde Indreberg (utvalsleiar), professor Kjetil Mujezinovic Larsen og tidlegare regjeringsadvokat Sven Ole Fagernæs.

Strømming:
Arrangementet blir filma av Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa (DSS) og kan følgjast direkte på regjeringa.no.

DSS distribuerer publiseringspunkt til media som vil sende arrangementet direkte. DSS kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller e-post dss-videoproduksjon@dss.dep.no.

Presse som ønskjer å bygge inn nett-tv-sendinga på sine nettsider finn embed-kode ved å trykkje «Del video»-knappen i videospelaren på sida.