Presseinvitasjon: Samferdselsministeren held Jernbanetalen 2024
Pressemelding | Nr: 2/24 | Dato: 05.01.2024 | Samferdselsdepartementet
Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård held jernbanetalen for 2024 i Oslo måndag 8. januar kl. 11.00. Dette er første gong samferdselsministeren held ein slik årstale.
Jernbanetalen 2024
Sjå sendinga her
I talen presenterer samferdselsminister Jon-Ivar Nygård regjeringas hovudprioriteringar, forventingar og setter retning for jernbanesektoren i 2024.
Jernbanedirektør Knut Sletta og konsernsjef Thor Gjermund Eriksen i Bane NOR vil deretter kommentere innhaldet.
På arrangementet vil også leiarar frå Statens jernbanetilsyn, Norske tog, Entur AS, Flytoget AS, Go-Ahead Nordic AS, SJ Norge AS, Vygruppen AS, Norsk Jernbaneforbund, Norsk Lokomotivførerforbund og andre relevante interesseorganisasjonar vere til stades.
Talen blir halden i Auditoriet i R5, Akersgata 59, Oslo.
Intervju etter talen
Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård og leiarane i etatar, verksemder og andre organisasjonar vil vere tilgjengelege for enkeltintervju i etterkant.
Journalistar som ønsker å delta på arrangementet eller intervjue samferdselsministeren, må melde ifrå til pressekontakt Edvard Andersen innan måndag 8. januar klokka 10.00.
Strøyming
Arrangementet blir filma av Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa (DSS), og du kan sjå sendinga direkte på her regjeringa.no. Her kan du også laste ned videofila i etterkant.
DSS distribuerer som vanleg publiseringspunkt til medier som vil sende arrangementet direkte. Kontaktperson for dette kan du nå på telefon 22 24 88 45 eller dss-videoproduksjon@dss.dep.no.
Presse som ønsker å bygge inn nett-tv-sendinga på nettstadene sine finn embed-kode ved å trykke på «Del video»-knappen i videospelaren på sida.