Presseinvitasjon:

Klima- og miljøministeren presenterer Grønn bok

Måndag 7. oktober legg klima- og miljøminister Tore O. Sandvik fram regjeringas klimastatus og -plan, også kjent som Grønn bok.

For tredje gong legg regjeringa fram Grønn bok. Den viser mellom anna korleis me ligg an til å nå klimamåla, og regjeringa sin plan for å nå måla.

Grønn bok blir lagt fram i samband med statsbudsjettet.

Måndag 7. oktober inviterer klima- og miljøminister Tore O. Sandvik pressa til ein gjennomgang av Grønn bok. Han vil mellom anna seia noko om status for klimapolitikken, korleis regjeringa følgjer opp planen frå i fjor, nye tiltak i budsjettet og korleis regjeringa skal styrkja klimapolitikken framover.

Du kan òg følgje presentasjonen på nett-TV.

Tid: Måndag 7. oktober klokka 13.30

Stad: Marmorhallen i Klima- og miljødepartementets lokale, Kongens gate 20, Oslo.

Påmelding innan fredag klokka 14: presse@kld.dep.no

Besøkjande må ha gyldig ID som nasjonalt ID-kort, førarkort eller pass. Bankkort med bilete blir ikkje godteke.

Arrangementet blir filma av Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa (DSS) og kan følgjast direkte på denne sida. Her kan også videofila lastast ned i etterkant. DSS distribuerer publiseringspunkt til media som vil sende arrangementet direkte. DSS kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller e-post dss-videoproduksjon@dss.dep.no.

Presse som ønskjer å bygge inn nett-tv-sendinga på sine nettsider finn embed-kode ved å trykkje «Del video»-knappen i videospelaren på sida.