Sjå pressekonferansen:
Førebels rapport frå TBU
Pressemelding | Dato: 12.02.2024 | Sist oppdatert: 16.02.2024 | Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Fredag 16 . februar legg Det tekniske berekningsutvalet for inntektsoppgjera (TBU) fram ein førebels rapport om grunnlaget for lønnsoppgjera i 2024.
Førebels rapport frå TBU
Sjå sendinga her
Leiar for utvalet, Geir Axelsen, presenterer rapporten i Arbeids- og inkluderingsdepartementet sine lokale i Akersgata 64.
Etter rapporten er lagt fram vil det bli opna opp for spørsmål.
Pressekonferansen kan følgjast direkte på www.regjeringa.no.
Tid: Fredag 16. februar kl. 09:30, oppmøte seinast kl. 09:00
Stad: Akersgata 64
Frist påmelding for fysisk oppmøte: Onsdag 14. februar til presse@aid.dep.no
Hugs godkjend identifikasjon (pass, førarkort, id-kort).
Pressekontakt
Thea Finstad
E-post: tf@aid.dep.no
Tlf.: 97 54 07 90
Arrangementet blir filma av Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa (DSS) og kan følgjast direkte på denne sida. Her kan også videofila lastast ned i etterkant. DSS distribuerer publiseringspunkt til media som vil sende arrangementet direkte. DSS kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller e-post dss-videoproduksjon@dss.dep.no.
Presse som ønskjer å bygge inn nett-tv-sendinga på sine nettsider finn embed-kode ved å trykkje «Del video»-knappen i videospelaren på sida.