Presseinvitasjon:
Regjeringa legg fram forslag til ny opplæringslov
Pressemelding | Dato: 22.03.2023 | Kunnskapsdepartementet
Fredag 24. mars presenterer kunnskapsminister Tonje Brenna forslag til ny opplæringslov. Opplæringslova regulerer skulekvardagen til 820.000 barn og unge og er ei av dei viktigaste lovene i landet.
Regjeringa legg fram forslag til ny opplæringslov
Sjå sendinga her
Tid: Fredag 24.mars, kl. 12:00-13:00
Stad: Kunnskapsdepartementet, Kirkegata 18, Oslo.
Forslaget til ny opplæringslov baserer seg på forslaget frå opplæringslovutvalets NOU 2019: 23 Ny opplæringslov og dei over 1000 høyringsinnspela som er komne inn. I tillegg har departementet innarbeidd forslag til tiltak frå fleire tidlegare stortingsmeldingar.
Målet med den nye lova er å sørge for at Noreg har ei oppdatert opplæringslov som er meir tilgjengeleg, tydeleg og forståeleg, og som er betre tilpassa dagens samfunn og kvardag i opplæringssektoren.
Program
12:00: Presentasjon ved kunnskapsminister Tonje Brenna
12.20: Pressetid og moglegheit for separate intervju.
Journalistar: Bør melde seg på dagen før, og møte opp før kl. 11.50. Hugs gyldig ID (førarkort eller ID kort). Påmelding kan sendast til kommunikasjonsrådgivar Ajfer Husejin (ajf@kd.dep.no), tlf. 95936485.
Strøyming:
Pressekonferansen blir filma av Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa (DSS) og kan følgjast direkte på denne sida. Her kan også videofila lastast ned i etterkant. DSS distribuerer publiseringspunkt til media som vil sende pressekonferansen direkte. DSS kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller e-post dss-videoproduksjon@dss.dep.no.
Presse som ønskjer å bygge inn nett-tv-sendinga på sine nettsider finn embed-kode ved å trykkje «Del video»-knappen i videospelaren på sida.