Partnarskap skal gi 300 millionar menneske tilgang på straum innan 2030
Nyheit | Dato: 23.09.2024 | Statsministerens kontor
I dag leia statsminister Jonas Gahr Støre eit møte i Global Alliance for People and Climate (GEAPP), der tema var eit nytt partnarskap som skal sikre 300 millionar menneske i Afrika tilgang på elektrisitet innan 2030.
– Denne alliansen jobbar for å auke tilgangen til rein energi i utviklingsland. Det er viktig for å kutte store klimagassutslepp i framtida, og for å nå berekraftsmåla. Vi går derfor saman med Verdsbanken, og den afrikanske utviklingsbanken for å støtte deira ambisjon om å sikre 300 millionar menneske i Afrika tilgang på elektrisitet innan 2030, seier statsminister Jonas Gahr Støre.
Statsministeren har ei leiarrolle i rådet til alliansen Global Alliance for People and Planet (GEAPP), saman med presidenten i Rockefeller Foundation, Dr. Rajiv Shah. Alliansen skal mobilisere privat og offentleg kapital til fornybar energi i utviklingsland.
På dagens møte i GEAPP presenterte presidentane i Verdsbanken, Ajay Banga, og den Afrikanske utviklingsbanken, Akinwumi Adesina, det dei kallar «Mission 300». Det er eit partnarskap som skal sikre tilgang til elektrisitet for 300 millionar menneske i Afrika i løpet av dei neste seks åra.
– Prosjektet har som mål å halvere talet på menneske i Afrika som ikkje har tilgang til elektrisitet. Det er ein av vår tids største satsingar på utvikling i Afrika. Det vil skape mange arbeidsplassar, og få mange positive ringverknadar innan helse og utdanning, seier Støre.
Noreg bidreg til investeringar i fornybar energi i utviklingsland på fleire måtar, inkludert gjennom eit nært og langsiktig samarbeid med Verdsbanken og den Afrikanske utviklingsbanken. Norfund er ein stor investor i fornybar energi i Afrika, med ei portefølje på om lag 7.5 milliardar kroner. Ei ny statleg garantiordning for fornybar energi i utviklingsland er under etablering.
Fakta om Global Energy Alliance for People and Planet (GEAPP)
- GEAPP er ein allianse som samlar nokon av dei viktigaste internasjonale aktørane som jobbar med energiomstilling, inkludert utviklingsbankane, store filantropiske stiftingar, representantar for privat sektor og styresmakter.
- Målet til alliansen er at fleire menneske i fattige land skal få tilgang til straum, og at det skal skje gjennom utbygging av fornybar energi i staden for fossil energi.
- Statsminister Jonas Gahr Støre har vore med som leiar i GEAPP Leadership Council (GLC) sidan 2022.