Presseinvitasjon:

Overlevering av utreiing om skattefinansierte velferdstenester

Torsdag 29. august kl. 10.00 overleverer utvalet som har utreia korleis vi kan organisere dei skattefinansierte velferdstenestene, det såkalla «Avkommersialiseringsutvalet», sin sluttrapport til regjeringa.

Nett-tv Overlevering av utreiing om skattefinansierte velferdstenester

Se sendingen her

Se sendingen her

Overleveringa skjer på ein pressekonferanse i Marmorhallen, torsdag 29. august, kl. 10.00.

Leier av utvalet, Jan-Erik Støstad vil overlevere rapporten til digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung.

Tid: 29. august 2024, kl. 10.00

Stad: Marmorhallen, Kongens gate 20.

Presse skal melde seg på på førehand via e-post til presse@dfd.dep.no

Ta med gyldig pressekort eller ID med bilete.

Dørene opnar kl. 09.45.

Pressekonferansen kan følgast direkte på nett-tv på regjeringen.no

Om sendinga

Pressekonferansen blir strøymd av Departementenes sikkerhets- og serviceorganisasjon (DSS), og kan følgjast direkte på regjeringa.no.

Der kan også videofila lastast ned i etterkant.

DSS distribuerer publiseringspunkt til medium som vil sende pressekonferansen direkte. Kontaktperson for dette blir nådd på telefon 22 24 88 45 eller dss-videoproduksjon@dss.dep.no .

Presse som ønskjer å byggje inn nett-tv-sendinga på nettsidene sine finn embed-kode ved å trykkje «Del video»-knappen i videospelaren på sida.