Oppnemning av utval som skal gjennomgå tannhelsefeltet
Nyheit | Dato: 12.08.2022 | Helse- og omsorgsdepartementet
Regjeringa har oppnemnd eit utval som skal gå gjennom tannhelsefeltet. Utvalet blir leia av tidlegare fylkesrådmann Evy-Anni Evensen.
– Regjeringa ønskjer ei gradvis utviding av den offentlege tannhelsetenesta med mål om å likestille den med andre helsetenester. Etter semje med SV i budsjettforliket nedsett vi derfor eit offentleg utval som skal gjennomgå tannhelsefeltet, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol.
Ho legg til at utvalet skal gjere ei heilskapleg gjennomgang av tannhelsetenesta, noko som inkluderer organisering, finansiering og lovverket – inkludert regulering og rettar.
Meir likestilt med andre helsetenester
– I mandatet ber vi utvalet utarbeide og vurdere forslag som kan sikre at tannhelsetenestene blir likestilt med andre helsetenester, understrekar Kjerkol.
Dette inneber å vurdere ei auke av det offentlege ansvaret for tannhelsetenester, til dømes gjennom den fylkeskommunale tannhelsetenesta, gjennom stønad til tannbehandling over folketrygda og/eller tannhelsetenester integrert i spesialisthelsetenesta.
Eit utval frå heile landet
Utvalet har ei samansetning på tvers av ulike institusjonar, kjem frå alle delar av landet og har kompetanse innan samfunnsøkonomi, statistikk, jus, offentleg og privat tannhelseteneste, kommunale helse- og omsorgstenester og spesialisthelsetenesta.
Utvalet har òg med relevant representasjon frå fylkeskommunane og partane i arbeidslivet.
Tannhelseutvalet legg fram si utgreiing (NOU) innan utgangen av juni 2024.
Medlem av utvalet
- Evy-Anni Evensen (leiar), mellom anna tidlegare fylkesrådmann i Telemark fylkeskommune, no pensjonist, Halden
- Farshad Alamdari, overtannlege hjå Innlandet fylkeskommune, Trysil
- Lena Bendiksen, professor ved UiT Noregs arktiske universitet, Tromsø
- Ellen Berggreen, professor ved Universitetet i Bergen og forskingsleiar ved Tannhelsetenesta kompetansesenter Vestland, Bergen
- Kurt Richard Brekke, professor ved NHH Noregs handelshøgskole, Bergen
- Eli Feiring, professor ved Universitetet i Oslo, Oslo
- Gry Jakhelln, fagansvarleg i Norsk Tannpleiarforening, Færder
- Kari Kjendalen, pensjonist, Oslo
- Pernille Lysaker, fylkestannhelsesjef i Rogaland fylkeskommune, Stavanger
- Heming Olsen-Bergem, president i Den norske tannlegeforening, Asker
- Kristian Onarheim, ass. fagdirektør i Helse Midt-Norge, Trondheim
- Kurt Rønning, nestleiar i yrkesseksjonen helse og sosial i Fagforbundet, Indre Fosen
- Per Tovmo, professor ved NTNU Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet, Trondheim