Opningsinnlegg til konferansen «Småbarnsdagane»
Tale/innlegg | Dato: 18.10.2022 | Barne- og familiedepartementet
Av: Barne- og familieminister Kjersti Toppe (Småbarnsdagane 2022)
Småbarnsdagane blir arrangert av Samarbeidsgruppa for sped- og småbarn i risiko for psykiske vanskar, og Førde BUP, Barneavdelinga, Årdal barnevernteneste og NORCE Norwegian Research Center - RKBU.
Sjekkes mot fremføring
Kjære alle saman som er her for å vere med på Småbarnsdagane,
Så fint å sjå så mange folk som er samla for nettopp dette tema – dei yngste barna frå 0-6 år.
Det er ei gruppe eg òg har eit særleg engasjement for. For kva er vel eigentleg viktigare enn å sjå dei minste barna, og sikre at barns særskilte vern blir vel varetatt, og at dei får ein trygg oppvekst og moglegheita til eit godt liv?
Fordi det er den verbale kommunikasjonen som ofte gjeld, blir ikkje alltid dei yngste barna sett i like stor grad som dei større barna. Dei har språk og uttrykk, men måten dei kommuniserer på gjer at vi må ha ei særleg merksemd på teikna og signala dei gir. Dette er ein eigen kompetanse som er avgjerande for å komme tidleg nok inn med hjelp og vern til dei barna som treng det.
*
Alle vi som er her i dag jobbar på ein eller annan måte med barn og unge. Det er eit privilegium, men og eit stort ansvar. Det ansvaret kjenner eg på kvar dag.
På kontoret mitt har eg ein plakat med barnekonvensjonen. Den minner meg om dei grunnleggjande rettane alle barn har – som eg og vi skal arbeide for å oppfylle kvar einaste dag. Alle barn har rett til å ha ein trygg og god oppvekst, uansett kven dei er og kor dei bur. Barn har eit særskild menneskerettsvern. Det handlar ikkje berre om tryggheit og omsorg, men også at barn skal behandlast som eit individ med eigne rettar.
*
Noreg har ein lang og stolt tradisjon for å sikre barn sine rettar, og barnets beste.
Med Vergerådslova av 1896 fekk vi den fyrste barnevernlova i verda. «Lov om Behandling av vanvyrdede og forsømte Børn”, trådde i kraft i år 1900 og bestod i over 50 år før den ble avløyst av lov om barnevern i 1953.
I 1915 vedtok Stortinget seks lover som gjorde Noreg til et føregangsland når det gjaldt barn sine rettar. Dei vart kalt dei Castbergske barnelover, og sikra juridisk likestilling mellom barn født i og utanfor ekteskap.
Og sist, men ikkje minst: i 1981 vart Målfrid Grude Flekkøy det fyrste barneombodet i verda.
*
Vi veit kor viktig dei første åra er for barna sitt liv og utvikling, og kor mykje dei har å seie for barna si framtid. I desse åra er barna særleg sårbare for sine omgjevnader, og dei er prisgitt dei vaksne som finst omkring dei. Dei treng å bli sett, høyrd og tatt vare på. Nokon som kan sjå kven dei er, som de òg skriv i programmet for denne konferansen.
I 2006 uttrykte FN sin barnerettskomité bekymring over at land, i arbeidet med å oppfylle pliktene dei har gjennom barnekonvensjonen, ikkje har hatt nok merksemd på dei små barna som sjølvstendige, rettslege individ, og på utvikling av politikk, lovverk og program som varetar rettane deira i dei første åra av barndommen. Sjølv om vi i Noreg gjer mykje også for dei minste barna, er det ingen tvil om at vi framleis kan bli betre på å forstå dei og sette inn riktig hjelp så tidleg som mogleg. Det vil vere viktig for helsa og utviklinga til mange barn.
Det er ikkje uvanleg å høyre at folk seier at ein god barndom startar med gode barnehagar. Men, det startar lenge før det. Korleis mor og familien har det i svangerskapet og i barseltida, er sjølvsagt også premissgivande. Dei første 1001 dagane, frå unnfanging til barnet sin toårsdag, er sårbare. Mor sin psykiske helsetilstand i denne perioden kan påverke barn si livslange psykiske helse.
Familien er grunnleggjande for barnet sitt liv. Eit trygt familieliv er viktig for livskvaliteten, helsa og utviklinga til barnet. Mangel på tidleg innsats hos foreldre som strevar, kan få store konsekvensar.
Familiane lever heller ikkje i eit vakuum. Dei lever i lokalsamfunn i heile Noreg. Og ingen må undervurdere betydninga av dei sosiale fellesskapane og trygge nettverka som er rundt dei fleste. Den berømte landsbyen som trengst for å oppdra eit barn. Men kan vi stole på den? Nei, men vi kan leggje til rette for den. Dette limet i samfunnet, der vi bryr oss om kvarandre. På ordentleg.
*
De veit betre enn nokon andre kor mange instansar som er involvert i tenestetilbodet for barn og unge. Frå barnehagar og skular som har ei viktig førebyggjande rolle, til fastlege, helsestasjon og skulehelsetenesta, barneverntenesta, PPT, psykisk helseteneste og familievernet. Og det er ikkje berre å knipse for å få til eit godt og sømløyst samarbeid mellom alle involverte instansar.
Altfor mange opplever systemet av hjelpeinstansar som forvirrande. Tenestene har forskjellig mandat og roller gitt av styresmaktene, og mandata er gjerne heimla i ulike lovverk. Alt for ofte har vi høyrt frå foreldre med barn med ulike sjukdomar eller funksjonshemmingar at det dei blir aller mest sliten av, er å koordinere hjelpetilbodet til sitt eige barn. Rett og slett å få tenestene til å snakke saman. Vi ser at i dei sakene der det går gale, så er manglande eller dårleg samarbeid altfor ofte ein gjengangar. Barn, foreldre eller familiar som fell mellom to stolar. Meldingar som ikkje blir følgt opp på rett vis. Eller svikt i kommunikasjonen.
Eg trur alle vi som er her i dag klarer å sjå for oss kva for konsekvensar det kan få for det einskilde barnet eller familien.
Som sakene frå Bergen, der tenestene ikkje hadde oppdaga dei barna som aldri hadde vore hos legen, aldri vore på skulen, aldri vore på helsestasjonen, som opplevde omsorgssvikt og til slutt blei innlagt med underernæring på Haukeland sjukehus. Korleis kan det eigentleg skje?
*
Barn som treng hjelp frå ulike velferdstenester skal oppleve at tilbodet er godt koordinert på tvers av tenester. Til no har ikkje dette vore godt nok, og familiar ender ofte sjølv med koordineringsjobben.
Slik skal det ikkje vere, og derfor er det bra at Stortinget no har vedtatt endringar i fleire velferdstenestelover.
Endringane trådde i kraft 1. august i år, og skal bidra til tettare samarbeid mellom barnehagar, skular, barnevern, Nav, helsetenester og sosialtenester.
Alle velferdstenestene har mellom anna fått ei lik plikt til å samarbeide om oppfølginga av barn og unge som har behov for samansette tenester, og kor samarbeid er nødvendig for å gi barnet eller ungdommen eit heilskapleg eller samordna tenestetilbod. Det er eit historisk framsteg, særleg for sårbare familiar.
Kommunane har òg fått ei tydeleg samordningsplikt i einskilde saker. Dette inneber at kommunen skal sørgje for at barnet, ungdommen eller deira pårørande får eit samordna tenestetilbod, og kommunen skal ved behov avklare kva for ei velferdsteneste som skal ha ansvar for å samordne tenestetilbodet.
*
Sjølv om lovverket er tydeleggjort, kan eg dessverre ikkje forvente at alle skal samarbeide plettfritt frå no av. Det er ei øving som krev kontinuerleg innsats og arbeid.
Men den gode delen er at alle har større mogelegheit til å gjere noko. Alle kan sjå kva for opningar som finst i dei sakene dei sjølv står i, og leite etter høve til å samarbeide meir og betre med alle involverte. Mange av dykk kjem i kontakt med familiar som treng litt ekstra hjelp, og samarbeider med kvarandre om den oppgåva. Ta den ekstra telefonen, gå den ekstra runda for å sjå etter løysingar og gjer eit forsøk sjølv om det kan verke umogeleg.
*
Vi veit at tidleg innsats er heilt avgjerande for å førebyggje vald, overgrep og omsorgssvikt blant barn og unge. Familiar og barn som treng støtte og behandling, må få hjelp så tidleg som mogleg før vanskane blir større. Det synest som om fleire barn og unge har psykiske helseplager.
De er ekspertar på barn frå 0-6 år og deira familiar. Men eg har ei bekymring og ei utfordring til dykk, og det er at dette arbeidet må skje på ein måte som IKKJE sjukeleggjer det normale, barn si normale utvikling, som kan skape større press på at alle barn skal oppføre seg likt og utvikle seg i same tempo. Særleg må dette vere vanskeleg i ei tid med sosiale media der det berre er glansbildet av familielivet som kjem fram. Helsevesenet og hjelpeapparatet må ikkje bidra til å snevre inn normalitetsomgrepet, og diagnostisere barn som ikkje treng det.
Det viktige er at ein brukar ressursane til å finne akkurat dei barna og familiane som treng hjelp av ulike årsaker, og at dei barna som treng ein diagnose og spesialisert hjelp, faktisk får det. Spesielt viktig er det sjølvsagt å oppdage barn som bli utsett for omsorgssvikt og overgrep. Dei har krav på vern, og må få det.
Så er det viktig oppi all den spesialiserte kunnskapen som finst om dei minste barna, å sjå på heilskapen. Kva er det familiane treng først? Har dei dekt sine grunnleggjande behov som økonomi og bustad? Ein fastlege fortalte meg om ei kvinne han henviste til innlegging i psykisk helsevern på grunn av djup depresjon. Fyrst etterpå fekk han vite at kvinna no budde i campingvogn med sine barn.
*
Vi må ha fokus på tidleg innsats og primærførebygging. Det å gjere barn og unge og barnefamiliar trygge og meir robuste til å møte livets oppturar og nedturar, slik dei rammar oss alle meir eller mindre.
Ein del av de som er her i dag, jobbar kanskje i barnevernet. Utfordringane med å gi god nok helsehjelp til barn i barnevernet har vi kjent til over tid. Regjeringa har i Hurdalsplattforma vore tydeleg på at vi ønskjer å styrkje den psykiske helsehjelpa til barn i barnevernet. Til no har vi ikkje hatt god nok kjennskap til helseutfordringar og andre behov som barn under barnevernet si omsorg har. Dette gjeld òg for dei yngste barna.
Blant anna viser CARE-studien, som eg veit står på agendaen i morgon, at andelen med helseutfordringar blant dei yngste barna i alderen 0-6 år ikkje var særleg lågare enn blant dei eldre barna. Dei yngste barna hadde litt større førekomst av somatiske og fysiske plagar, medan dei eldre hadde litt større førekomst av psykiske plagar.
For begge gruppene har kartleggingane avdekt behov som ikkje var kjent for hjelpeapparatet frå tidlegare. Nettopp derfor er det viktig at vi no har fått lovfesta tverrfagleg spesialisert helsekartlegging av barn som barnevernet skal flytte ut av heimen.
Eg vil prioritere arbeidet med å gjere dette tilbodet tilgjengeleg over heile landet, og på sikt utvide det til å omfatte alle barn som barnevernet skal flytte ut av heimen.
*
Regjeringa jobbar med fleire saker som gjeld dei yngste barna og deira familiar. Det gjer vi i ein økonomisk situasjon der vi må prioritere. Regjeringa vil styrkje det universelle velferdstilbodet til barn og unge, og redusere skilnader i samfunnet. I Hurdalsplattforma står det at vi ønskjer å gjennomgå og betre ordninga for familiar med særlege behov.
Regjeringa arbeider med ein ny opptrappingsplan for psykisk helse, og ein konkret opptrappingsplan for helsestasjon og skulehelsetenesta. Regjeringa arbeider med ei ny folkehelsemelding, og vil leggje til rette for at barnehage og SFO blir billegare. Regjeringa vil gjennomføre ei kvalitetsreform i barnevernet, der vi stoppar dagens utvikling mot kommersialisering og oppstykking i barnevernssektoren. I budsjettforslaget for 2023 styrkjer vi også forskingsinnsatsen for utsette barn og unge, og eg har nyleg sett ned eit utval som skal kome med tilrådingar om prioriteringar for å redusere fattigdom i barnefamiliar.
*
Eg vil avslutte med å takke alle de som gjer ein krevjande og viktig jobb for barna og familiane deira. Eg håper de i løpet av desse to dagane finn både kunnskap og inspirasjon, og interessante perspektiv som de kan bruke i arbeidskvardagen.
Eg har stor tru på at det å komme saman på denne måten bidrar til meir og betre samarbeid på tvers, til det beste for barna. Så er det vår rolle som politikarar og styresmakter å ha tillit til og leggje til rette for at de har rammene som trengst for å gjere en god jobb med tidleg innsats, på tvers av fag, og slik gjere en viktig forskjell i liva til dei minste barna.
*
Takk for meg, og lukke til med ein viktig og meiningsfull konferanse!