Statsbudsjettet 2024

Områdesatsingar i fem nye kommunar i 2024

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Regjeringa foreslår å auke løyvinga til områdesatsingar om forsterka innsats i områder med konsentrasjon av levekårsutfordringar med 40 millionar kroner, til om lag 259 millionar kroner.

– Regjeringa er opptatt av å utjamne ulikskapar i levevilkår. Senterpartiet og Arbeiderpartiet har i løpet av to år i regjering styrka og utvida områdesatsingane frå fire til 14 kommunar, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

Fleire byar og andre befolkningstette kommunar har konsentrasjon av levekårsutfordringar i nokre område. Regjeringa utvidar derfor områdesatsingane gjennom avtaler med nye byar, og til fleire område i nokre av dei byane som har områdesatsingar i dag.

I 2023 blei løyvinga til områdesatsingar utvida med 20 millionar kroner. Det var kommunane  Fredrikstad, Sarpsborg, Kristiansand og Skien som etter søknad fekk femårige avtaler og eit årleg tilskot på fem millionar kroner kvar.

Utjamne sosial ulikskap

I 2024 foreslår regjeringa å utvide satsinga ytterlegare med å tilby Trondheim, Halden, Larvik, Gjøvik, Indre Østfold og Tromsø å inngå femårige avtaler med staten, med fem millionar kroner kvar i årleg tilskot til dei nye avtalene. Stavanger vert tilbodne å inngå avtale om utvida områdesatsing til nye geografiske områder i byen, med årleg beløp på 10 millionar kroner. Alle kommunane søkte om tilskot til avtale då ordninga blei lyst ut i januar 2023.

Områdesatsingane er ein del av regjeringa sin politikk for å utjamne sosial ulikskap og levekårsutfordringar. Områdesatsingane bidreg til å skape betre fysiske og sosiale kvalitetar i nærmiljøet og utvikle gode tenester tilpassa lokale behov.

– Inkluderande lokalsamfunn er grunnleggjande for å kjempe mot sosial og geografisk ulikskap i byar og tettbygde område. Dette er ei kjernesak for regjeringa, seier Gjelsvik.

Områdesatsingar er avtalebaserte langsiktige samarbeid mellom stat og kommune om ekstra innsats i befolkningstette område med konsentrasjon av levekårsutfordringar.

 

Kommunal- og distriktsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00
E-post til kommunikasjonseininga: ke@kdd.dep.no