Nytt gjødselregelverk – skjerpar spreiekrava
Nyheit | Dato: 20.03.2024 | Landbruks- og matdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Klima- og miljødepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet
Regjeringa har i dag sendt forslag til nytt gjødselregelverk ut på høyring. Forslaget inneber ei innstramming av spreiekrava, der endringane blir innført over åtte år. Det blir òg tatt omsyn til regionale forskjellar.
– Dette er ein prosess som har pågått sidan 2009, og har skapt utryggje i jordbruket. No var det på høg tid å kome fram til ein konklusjon for å gje næringa føreseielege vilkår. Vi har kome fram til ei framtidsretta løysing, med krav som legg til rette for god utnytting av gjødsla. Løysinga tek omsyn til både matproduksjon og miljø. Sentralt i regelverket er å sørge for at gjødsel blir spreidd til riktig tid, i riktig mengd, og har rett kvalitet, seier landbruks- og matminister Geir Pollestad (Sp).
Dei mest sentrale endringane i forslaget til gjødselbrukforskrift er:
- Reglar om bruk av gjødsel vil i større grad gjelde på tvers av gjødselslag, i og utanfor jordbruket.
- Overgang frå minstekrav til spreieareal til grense for fosformengde.
- Endringar i spreiefrist.
- Innføring av krav til journal over faktisk disponering av gjødselvarene.
Gjødselbrukforskrifta skal også ta inn føresegner om gjødslingsplanlegging, og den separate forskrifta om gjødslingsplanlegging er difor foreslått oppheva.
Snuoperasjon for miljø
– Regelverket så langt har ført til at fosfornivået i jord og vatn har stige i store deler av jordbruksområda i Noreg. For mykje fosfor gir algevekst, og vi har ikkje nådd måla for vasskvalitet og vassmiljø. Det nye regelverket vil kunne stoppe denne negative utviklinga og bidra til at vi når vassmiljømåla på sikt. Nye føresegner legg også til rette for å nå mål for sirkulær økonomi og reduksjon i klimagassutslepp, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
Nye krav til spreiefrist
Framlegget inneber tidlegare spreiefrist om hausten, i hovudsak 1. september, med krav om å hauste eller etablere plantevekst etter siste spreiing. Same frist gjeld i dag for overflatespreiing av gjødsel, medan spreiing i kombinasjon med nedmolding i dag kan gjerast seinare på hausten. Slik gjødselspreiing om hausten gir lite nytte for plantevekst.
Tidlegare spreiefrist om hausten vil bety at fleire jordbruksføretak må utvide gjødsellageret for å ha nok plass til gjødsla fram til neste vår. For å avlaste uforholdsmessig store konsekvensar, går departementa inn for ei moglegheit til å gje forlenga spreiefrist for føretak i Nord-Noreg og i høgareliggjande område, der våren er særleg sein og kort. Det kan søkast om investeringsstøtte til lagerutbygging.
Grense for fosformengde
Regelen for spreiemengda er den som har størst konsekvens. Mange gardsbruk har, og bruker difor også, meir gjødsel enn plantene treng.
I nytt regelverk går ein over frå minstekrav om spreieareal for husdyrgjødsel til ei fosforgrense som skal gjelde felles for alle gjødselslag. Grensa er stramma inn til eit nivå som ligg nær det som er typisk behov og opptak i avlingar.
Det er store skilnader i avlingar, individuelt, men også geografisk, med høgare avlingar i Rogaland enn i resten av landet. Som følgje av dette går departementa inn for ei mindre innstramming i Rogaland enn i resten av landet. Rogaland får altså ei noko høgare fosforgrense. I landsdelane sør for Troms vil dei nye grensene krevje tilpassing hos eit stort tal føretak. For å gje føretaka i desse landsdelane tid til å tilpasse seg, skal innstramminga skje trinnvis over åtte år.
Val mellom to krav
Nytt er også at føretak får eit val om å følgje fosforgrensa, eller følgje krav om å spreie i balanse, det vil seie å ikkje tilføre meir fosfor enn avlingane tar opp. Denne løysinga betyr at føretak med høge avlingar og fosforbehov får lov til å nytte tilsvarande høge fosformengder. Slik blir det mogleg for føretak med mykje gjødsel å løyse situasjonen positivt gjennom større avlingar.
Departementa går også inn for eit generelt unntak frå fosforgrensene ved dyrking av grønsaker og andre særleg fosforkrevjande vekstar, i kombinasjon med heimel for statsforvaltaren til å stille krav om tiltak mot avrenning.
Forslaget inneber mellom anna at dagens forskrift om organisk gjødsel blir oppheva og erstatta av to andre forskrifter, høvesvis gjødselvareforskrifta og gjødselbrukforskrifta.
Landbruks- og matdepartementet koordinerer høyringa av forslaget til gjødselbrukforskrift, der også Klima- og miljødepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet står som avsendar.
Mattilsynet koordinerer høyringa av forslaget til gjødselvareforskrift på vegne av Landbruks- og matdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet.