Nye reglar for tilsette ved universitet og høgskular
Pressemelding | Dato: 26.06.2024 | Kunnskapsdepartementet
No kjem nye reglar som skal gi meir føreseielege vilkår for dei som er tilsett i undervisnings-, forskings- og rekrutteringsstillingar i akademia.
– No gir vi universiteta og høgskulane tydelegare reglar. Det skal gjere det enklare for dei tilsette å planlegge arbeidsoppgåver og gi meir føreseielege karrierevegar i akademia, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp).
Forslaga har vore på høyring, og Kunnskapsdepartementet fastset no ny samleforskrift for universitets- og høgskulelova. Som del av dette kjem det nye reglar om tilsetting i undervisnings-, forskingsstillingar og rekrutteringsstillingar. Den nye forskrifta blir kunngjort på Lovdata i løpet av kort tid. Både forskrifta og universitets- og høgskulelova skal ta til å gjelde frå 1. august i år.
Skjerper krava til norskopplæring
I forskrifta følger regjeringa opp handlingsplanen for norsk fagspråk. På dette området blir reglane tydelegare. Det blir stilt klare krav til norskopplæring og norskkompetanse for vitskapleg tilsette som ikkje beherskar norsk ved tilsetting, slik at både institusjonane og den enkelte tilsette veit kva dei skal forhalde seg til.
– Vi tek heilt naudsynte grep for å bevare norsk som fagspråk og for å hindre at engelsk vert hovudspråket i norsk høgare utdanning. Utviklinga har gått feil veg i lang tid, så trengs det eit krafttak. Dei nye reglane skal sikre at dei tilsette får betre norskopplæring og blir betre integrert på arbeidsplassen. Det vil òg bidra til at studentane får god undervisning på norsk, seier Hoel.
I dag kjem nær halvparten av stipendiatane og tre fjerdedelar av postdoktorane frå andre land. Mange av desse forlét Noreg etter kort tid. Tal frå SSB viser at nær halvparten av dei utanlandske statsborgarane som tok doktorgraden i Noreg mellom 2005 og 2015, ikkje budde i landet seks år etter.
No blir krava at doktorgradsstipendiatar og postdoktorar i løpet av perioden dei er tilsett skal gjennomføre 15 studiepoeng begynnaropplæring i norsk språk. Dette får både arbeidsgivar og arbeidstakar ansvar for å følge opp.
– Dette er rett og rimeleg. Samfunnet investerer mange milliardar årleg i desse rekrutteringsstillingane. For å sikre at vi faktisk får god rekruttering både til akademia og til norsk arbeidsliv, må vi gjere ein betre jobb med å integrere utanlandske tilsette og sørge for at dei kvalifiserer seg for vidare karrierar i Noreg, seier Hoel.
Tydelege karrierevegar
For å legge til rette for betre arbeidsdeling i sektoren, blir reglane for karriereløp og opprykk gjort tydelegare. I tilsetting som førstelektor og dosent blir det lagt større vekt på yrkes- og praksiserfaring, for å kunne betre rekrutteringa frå arbeidslivet. Krav til forskingserfaring tilsvarande ei doktorgrad blir teken ut.
I høyringsforslaget var det foreslått å stramme inn krava til opprykk frå universitets- og høgskulelektor til førsteamanuensis. Dei endelege reglane opnar framleis, som i dag, for at institusjonane kan fatte vedtak om dette.
– Her har vi lytta til innspela i høyringa om at mange tilsette allereie er i gang med karriereløp, og har sikta på opprykk på tvers av dei to karriereløpa, seier Hoel.
Overgangsordning i eitt år
– Arbeidet med den nye reguleringa har skapt stort engasjement i sektoren. Eg oppfordrar institusjonane til å samordne seg på tvers, slik at handlingsrommet blir utnytta på best mogleg måte, seier Hoel.
Departementet har fastsett ei overgangsordning som inneber at tilsettingar som blir vedtekne før 1. august 2025 kan følge det tidlegare regelverket. Dette gir institusjonane noko tid til å tilpasse seg nytt regelverk, og det vil vere stillingar som allereie er lyst ut med vilkår for tilsetting som er knytt til reglane slik dei er i dag. Utlysingar av nye stillingar etter at nytt regelverk trer i kraft 1. august 2024, bør skje etter nytt regelverk.
Forskjellen mellom dosent- og professorstigen er gjort tydeleg. Krav til forskingserfaring tilsvarande ein doktorgrad er fjerna i dosentstillinga. Stigen er tydelegare retta mot yrkesrøynsle og utviklingsarbeid. Dette er meir overordna enn i forskrifta slik ho er i dag. Samla skal det bidra til ein kultur der ein verdset meir mangfaldig kompetanse og legg til rette for at ikkje alle skal gjere alt.
Regulering av minstekrav til norskferdigheiter. Det er lagt inn eit generelt kvalifikasjonskrav til språk for undervisnings- og forskingsstillingar og dessutan for stipendiat og postdoktorar, i samsvar med regjeringa si handlingsplan for norsk fagspråk. Språkkravet er først og fremst grunngitt med at norskkunnskapar er viktige for å vareta undervisningsoppgåver. Det er også viktig at den tilsette kan delta i det norskspråklege faglege fellesskapet på arbeidsplassen. Når det gjeld stipendiat og postdoktor er det eit mål at den tilsette skal kvalifisera seg til norsk arbeidsliv etter fullført åremål.
Regulering av ekstraerverv. Tidlegare forskrifter har ikkje regulert ekstraerverv (ofte kalla II'er-stillingar eller bistillingar). Dette er definert som bistillingar i gjeldande universitets- og høgskulelov, som gir høve til å tilsette på åremål i inntil 20 prosent av undervisnings- og forskarstilling. Det har vore store uklarleikar i tolkinga rundt kvalifikasjonskrav for II'er-stillingar i sektoren. Det er derfor lagt regulering i ny forskrift, der kvalifikasjonskrav i ekstraerverv svarer til krava i undervisnings- og forskingsstillingane, med unntak av krav om norskkunnskapar og utdanningsfagleg kompetanse. Unntaka er lagde inn for å legge til rette for at ekstraerverv skal kunne nyttast for å hente inn yrkesrelevant kompetanse frå arbeidslivet nasjonalt og internasjonalt.
Institusjonane kan opne for opprykk frå universitets- og høgskulelektor til førsteamanuensis. Dette er ei justering av høyringsforslaget, etter innspel frå høyringsinstansar om at mange tilsette allereie er karriereløp i faste stillingar med sikte på opprykk på tvers av stigane.
Endringar i regulering av unntak i kompetansekrav for undervisnings- og forskarstillingar. I reguleringa blir det gitt moglegheit for unntak frå krav til utdanningsfagleg kompetanse eller språkkompetanse ved tilsetting, på vilkår av at den tilsette opparbeider seg nødvendig kompetanse innan fastsette fristar. Det blir foreslått to år for utdanningsfagleg kompetanse, og tre år for norskkompetanse.
Konsekvensar av å ikkje oppfylle kompetansekrava. Det blir presisert i høyringsnotatet at dersom den tilsette ikkje har opparbeidd seg den utdanningsfaglege og/eller den språklege kompetansen innan fristen, vil ikkje vedkommande innfri kvalifikasjonskrava til stillingskategorien. Dette vil då vere eit brot på vilkåra for tilsettinga. Manglande norskkompetanse vil normalt føre til at den tilsette ikkje kan utføre undervisningsoppgåver.
Endringar i reguleringa av samansetning av tilsettings- og opprykkskomité og prosess for tilsetting. I ny forskrift er regulering av komitésamansetning og prosess for tilsetting og opprykk forenkla og harmonisert, samtidig som det blir letta på krav til samansetning av komité.
Regulering av tilsetting på innstegvilkår: Tilsetting på innstegvilkår, som er regulert i eiga forskrift, har nyleg vorte evaluert av Oslo Economics (lenke). Departementet vil med bakgrunn i evalueringa gjere ei vurdering av ordninga.
Det er lagt inn overgangsregel for tilsettingar etter begge gjeldande forskrifter ved tilsettingar før 1. august 2025. Tilsette i stillingskategorien universitets- og høgskulelektor kan søkja om opprykk til førsteamanuensis etter tidlegare forskrift fram til 31. desember 2027.