Pressekonferanse

Nye reglar for private barnehagar og privatskular

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

Fredag 8. april inviterer kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) til pressekonferanse for å legge fram regjeringa sitt forslag til nye reglar for private barnehagar og privatskular.

Nett-tv Nye reglar for private barnehagar og privatskular

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

  • Tid: Fredag 8. april, kl. 12.00-13.00
  • Stad: Plenumssalen, Kunnskapsdepartementet, Kirkegata 18, Oslo

Bakgrunn for dei nye reglane

Private barnehagar: Stadig fleire barnehagar blir kjøpte opp av barnehagekjeder, som i mange år har gått med store overskot og teke ut gevinstar. Utanlandske investorar har gått inn på eigarsida i fleire konsern. Dagens reglar gjer det vanskeleg å følge pengestraumane i private barnehagar og føre tilsyn med om offentlege tilskot og foreldrebetalingar går til barns beste.

Privatskular: Hausten 2021 var det 346 privatskular i Noreg, ein auke på 29 prosent frå 2013. Regjeringa er i gang med eit større arbeid for å avgrense veksten i talet på privatskular.

Kontakt

Journalistar som ønsker å vere til stades kan melde seg på til kommunikasjonsrådgivar Hong Pham på telefon 911 35 990 eller på e-post: hong.pham@kd.dep.no.

Ta med gyldig pressekort og ID (førarkort eller pass).

Pressekonferansen blir òg strøyma på regjeringen.no