Nye nasjonale mål for vatn og helse
Nyheit | Dato: 16.02.2024 | Helse- og omsorgsdepartementet, Klima- og miljødepartementet
Fredag 16. februar presenterte helse- og omsorgsminister, Ingvild Kjerkol, og statssekretær i Klima- og miljødepartementet, Ragnhild Sjoner Syrstad, regjeringa sine nye mål for vatn og helse.
Nye nasjonale mål for vatn og helse
Sjå sendinga her
Forsyning av trygt drikkevatn og velfungerande system for avløp er samfunnskritiske funksjonar som må bli sikra. Sjølv om dei fleste innbyggarane i Noreg har tilgang på trygt drikkevatn er det nødvendig med mål og tiltak for å sikre dette også i framtida. Regjeringa har vedtatt 25 nye nasjonal mål for vatn og helse. Saman med måla kjem ein plan for gjennomføring.
Arrangementet blei filma av Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa (DSS) og du kan sjå opptak av sendinga på denne sida. Her kan du også laste ned videofila. Du kan kontakte DSS på telefon 22 24 88 45 eller e-post dss-videoproduksjon@dss.dep.no for eventuelle spørsmål. Presse som ønsker å bygge inn nett-tv-sendinga på sine nettsider finn embed-kode ved å trykke «Del video»-knappen i videospelaren på sida.