Nye nasjonale forventningar til planlegginga
Pressemelding | Dato: 20.06.2023 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Regjeringa legg no fram nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging som skal gjelde til 2027. Regjeringa legg vekt på at planlegginga skal byggje opp under berekraftsmåla, dei nasjonale klima- og miljømåla, lokalt folkestyre og moglegheitene for verdiskaping og busetting i heile landet.
- Regjeringa vil legge til rette for busetjing, næringsutvikling og eit godt tenestetilbod i bygd og by i heile landet. Særleg i område der folketalet går ned eller står stille, må det vere betydeleg større vekt på dei lokale vurderingane og prioriteringane,seier kommual- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).
Nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging 2023–2027 er vedteke ved kongeleg resolusjon 20. juni. Dokumentet skal etter plan- og bygningslova leggjast fram kvart fjerde år, i forkant av at nye fylkesting og kommunestyre utarbeider nye regionale og kommunale planstrategiar.
– Dette dokumentet gir kommunane og fylkeskommunane oversikt over dei viktigaste føringane frå staten. Målet vårt er at det skal bidra til effektive planprosessar og færre motsegner, seier Gjelsvik.
For å få til ei samfunnsutvikling i samsvar med regjeringa sin politikk, er det i forventningane mellom anna lagt vekt på at planlegginga skal bidra til ei grøn omstilling av økonomien, at verdifulle natur- og jordressursar ikkje blir bygde ned, og at vi alle kan leve godt i trygge lokalsamfunn. Omdisponering av dyrka mark skal reduserast, og arealplanlegginga skal bidra til å nå målet om redusert omdisponering av matjord i tråd med ny jordvernstrategi frå 2023.
- Vi må ta vare på matjorda. Særleg i pressområde er det viktig å praktisere eit strengt jordvern for å hindre at viktige jordbruksareal blir bygde ned, seier Gjelsvik.
Retningslinjene legg også opp til godt tilpassa løysingar for dei store byane. Sykling, gange og kollektivtrafikk vert prioritert i byar og tettstader gjennom planlegging av heilheitleg infrastruktur som er samanhengande, tilgjengeleg, attraktiv og trygg.
- I arbeidet med byvekstavtalar i dei store byane skal hovudtyngda av vekst i bustadar og arbeidsplassar kome i eller i nærleiken av større knutepunkt for å bygge opp under nullvekstmålet, med dei tilpassingar som fylgjer av den einskilde avtale, seier Gjelsvik.
Forventningane skal leggjast til grunn for all planlegging, og for staten si deltaking i planprosessane.
– Fylkeskommunane og kommunane er ulike og har ulike føresetnader. Det e derfor avgjerande at planlegginga tek utgangspunkt i regionale og lokale forhold, slik at løysingane blir tilpassa dei enkelte lokalsamfunna, seier Gjelsvik.