Ny milepæl for flytande havvind:

Høyring av støtteordning for flytande havvind i Vestavind B og Vestavind F, inkludert Utsira Nord

Energidepartementet har i dag sendt på høyring eit forslag til støtteordning for flytande havvind i områda Vestavind B og Vestavind F, inkludert Utsira Nord. Høyringa er eit krav etter statsstøtteretningslinjene og er dermed ein føresetnad for å få notifisert statsstøtte til havvind i desse områda.

– Med dette er me eit steg nærare å kunne utvikle flytande havvind på norsk sokkel. Dette vil innebere vesentleg auka fornybar kraftproduksjon og vil kunne gi leverandørindustrien eit nytt, viktig bein å stå på, seier energiminister Terje Aasland.

Høyringa inkluderer oppdaterte kostnadsanslag for flytande havvind. Vidare skisserer høyringa ulike alternativ for gjennomføring av tildeling av areal og konkurranse om statsstøtte til havvind. Det blir også gjort nærare greie for kvifor det er nødvendig med støtte til utvikling av havvind.

– Havvind i Noreg er framleis nybrottsarbeid. Regjeringa har prioritert dette arbeidet høgt heilt frå me tok over og me har vore opptatt av å ha tett dialog med alle berørte aktørar. Me held no fram denne gode dialogen, sier Aasland.

Regjeringa har ein ambisjon om å tildele 30 GW havvind innan 2040 og har varsla at neste utlysingsrunde kjem i 2025. Energidepartementet arbeider for at støtteprogram for flytande havvind i Vestavind B og Vestavind F er notifisert innan utgangen av 2024 og at område kan utlysast så raskt som mogleg i 2025.

Høyringsfristen var opphavleg 23. august. Den er no ut utsett til 6. september 2024.