Ny lov om kommunane sitt ansvar på det bustadsosiale feltet trer i kraft 1. juli 2023
Pressemelding | Dato: 20.12.2022 | Kommunal- og distriktsdepartementet
– Eg er glad for at Stortinget har følgt regjeringa sitt forslag, og vedteke ei lov som kan bidra til at fleire vanskelegstilte på bustadmarknaden får nødvendig hjelp, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp). Lova trer i kraft 1. juli 2023.
Betre lovforankring på det bustadsosiale feltet har vore etterspurt av fleire. No kjem ei lov som klargjer kommunane sitt ansvar på det bustadsosiale feltet. Føremålet med lova er å få eit tydelegare og meir samla regelverk.
– Ein god plass å bu er noko av det mest grunnleggjande i folk sine liv. Trygge og gode buforhold er viktig for å bidra til å utjamne forskjellar i levekår og sikre gode oppvekstvilkår for barn og unge. Eg har tru på at denne lova vil auke merksemda på det bustadsosiale arbeidet i kommunane og gi eit betre og meir effektivt tilbod til dei som treng det, seier Gjelsvik.
Lova gir ikkje enkeltpersonar rett til bustad, men ho gir rett til bistand for dei som ikkje klarer å skaffe seg eller behalde ein eigna bustad på eige hand. Kommunane skal fatte enkeltvedtak når dei avgjer om personar som ber om bistand, oppfyller vilkåra for å få individuelt tilpassa bistand. Hovudinnhaldet i bistanden skal kome fram av vedtaket.
Lova stiller òg krav om at kommunane må ha oversyn over behovet for bustader til vanskelegstilte på bustadmarknaden. Krav til innhald i enkeltvedtak og oversyn over bustadbehov er nye plikter kommunane må etterleve når lova trer i kraft.
Det er òg krav om at oversynet over behovet for bustader for vanskelegstilte skal inngå som grunnlag for arbeidet med planstrategien til kommunane. I tillegg skal kommunane fastsetje overordna mål og strategiar for det bustadsosiale arbeidet i kommuneplanen. Lova har ei overgangsføresegn som gir kommunane fire år på å oppfylle desse skjerpa krava til planstrategi og kommuneplan.
– Eg har stor tru på at kommunane vil fortsette å gjere eit godt bustadsosialt arbeid og følgje opp lova, seier Gjelsvik.
Husbanken skal fortsette å støtte kommunane i deira bustadsosiale arbeid og i oppfølging av lova. Sakshandsamingssystemet Kobo og Husbankens bustadsosiale monitor er døme på viktige verktøy som kommunane kan ta i bruk.
Lova er tilgjengeleg her: Lov om kommunenes ansvar på det boligsosiale feltet - Lovdata