Ny ekspedisjonssjef for Næringspolitisk avdeling
Nyheit | Dato: 17.04.2023 | Nærings- og fiskeridepartementet
Sigrid Dahl Grønnevet (44) blei utnemd til ekspedisjonssjef for Næringspolitisk avdeling i Nærings- og fiskeridepartementet av Kongen i statsråd, fredag 14. april.
Næringspolitisk avdeling har ei sentral rolle i departementets arbeid med å meisle ut ein heilskapleg næringspolitikk som legg til rette for omstilling og bidreg til samla verdiskaping.
Som ekspedisjonssjef vil Grønnevet leie ei avdeling som både følger og utvikler rammevilkår og verkemidler for næringspolitikken. Særleg i verdikjedane for industrien, sjømatæringa og tenestenæringane.
Norsk næringsliv går gjennom ei omstilling, og avdelinga arbeider med å legge til rette for omstillinga. Det gjør den basert på departementets faglege mål om å bidra til størst mogleg verdiskaping i norsk økonomi innanfor berekraftige rammer.
Sigrid Dahl Grønnevet er utdanna siviløkonom med ei spesialisering i samfunnsøkonomi frå Noregs handelshøgskule (NHH).
Ho kjem frå ei stilling som avdelingsdirektør i Samferdselsdepartementet. Der har ho hatt det overordna ansvaret for styring av jernbanesektoren. Noko som innebar å forbetre utviklinga og anvendinga av samfunnsøkonomiske analysar.
Den nye ekspidisjonssjefen starta sin departementskarriere med fire år i Kunnskapsdepartementet. I 2008 byrja Grønnevet i det som då heitte Fiskeri- og kystdepartementet.
Ho vart så med vidare til Nærings- og fiskeridepartementet i 2014, og var seksjonsleiar frå desember 2016 og fram til ho starta i Samferdselsdepartementet i september 2022.