Ny bestilling av luftvern til Ukraina
Nyheit | Dato: 09.02.2024 | Forsvarsdepartementet, Statsministerens kontor
Regjeringa vil bestille luftvern for framtidig donasjon til Ukraina. Samstundes blir luftvern som allereie er donert gjeninnkjøpt. Ukraina er avhengig av vidare militær stønad frå allierte og partnarar for å kunne stå imot den russiske aggresjonen. Noreg skal støtte Ukraina så lenge det er naudsynt. Samstundes skal vi byggje opp vår eiga forsvarsevne ytterlegare.
- Vi står fast ved vår støtte til Ukraina og saman med våre allierte gjer vi det vi kan for å bidra der behova er størst. Luftvern har vore og er framleis svært etterspurde. Ukrainas forsvarskamp er òg ein kamp for vår felles tryggleik, demokratiske rettar og verdiar, seier statsminister Jonas Gahr Støre.
Regjeringa foreslår for Stortinget å bestille ytterlegare ti utskytingseiningar og fire eldleiingssentralar av luftforsvarssystemet NASAMS frå Kongsberg Defence and Aerospace (KDA). Det vert gjort i tillegg til gjeninnkjøp av det utstyret som allereie er donert til Ukraina. Investeringa er på 3,45 milliardar kroner.
- Det norske NASAMS-systemet bidreg til å redde ukrainske liv og hindre øydelegging av bygningar og infrastruktur. Dei russiske missil- og droneangrepa er omfattande og brutale, så luftvern er heilt avgjerande for Ukraina. Eg er samstundes oppteken av at vi gjenanskaffar luftvern til vårt eige forsvar så raskt som mogleg, seier forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp).
Totalt vil regjeringa no bruka 15,95 milliardar kroner på luftvern. Før jul 2023 bestemde regjeringa seg for å gjera den største bestillinga av luftvern sidan den kalde krigen for vel 12 milliardar kroner. Bestillinga vil gje Noreg nye moderne missil til dagens luftvern i tillegg vil alt luftvern Noreg har donert ti Ukraina bli erstatta. No foreslår regjeringa å bestille ytterlegare ti utskytingseiningar og fire eldleiingssentralar. Auken er for å erstatta både noverande og framtidig donasjon av NASAMS luftvern til Ukraina. Totalramma for begge bestillingane vert då om lag ca. 15,95 milliardar.
Den største delen av leveransane i opphavleg prosjekt vert levert i 2026 frå Kongsberg Defence and Aerospace (KDA). For denne delen av prosjektet underskreiv Forsvarsmateriell og KDA kontrakt 31. januar i år.
- Leveringstidene er lenger enn vi ynskjer. Nettopp difor er det viktig at vi har tatt ekstraordinære grep for å framskunde bestillinga, seier Gram.