NTP 2025-2036: Vi skal ta betre vare på det vi har
Pressemelding | Nr: 33/2024 | Dato: 22.03.2024 | Samferdselsdepartementet
Regjeringa prioriterer i alt 484 milliardar kroner til drift, vedlikehald og mindre investeringstiltak i transportinfrastrukturen i ny Nasjonal transportplan. Dette utgjer 40 prosent av den totale økonomiske ramma. Dette er ein auke samanlikna med føregåande transportplan, der drift, vedlikehald og mindre investeringstiltak utgjorde 34 prosent.
– Vi må sørge for at vegar og jernbane fungerer i kvardagen. Dermed må vi bruke meir pengar på drift og vedlikehald og mindre investeringstiltak og mindre på store investeringar. Denne regjeringa fører ein ansvarleg transportpolitikk og prioriterer å ta vare på den eksisterande infrastrukturen vår, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.
Etterslep i vedlikehaldet av transportinfrastruktur og meir ekstremvêr set krav til at drift og vedlikehald må prioriterast framover. Totalen av tiltaka i ny NTP vil også bidra til betre samfunnstryggleik og beredskap.
Vil ruste opp både riks- og fylkesvegar
Regjeringa vil prioritere drift, vedlikehald og fornying av vegnettet i NTP-perioden. Pengane til drift og vedlikehald av riksvegnettet som Statens vegvesen forvaltar, er auka til 12,2 milliardar kroner i gjennomsnitt for kvart år i perioden. Til samanlikning ligg drift og vedlikehald av riksveg på 9,7 milliardar kroner i budsjettet for 2024. Nye Veier AS sørger for drift og vedlikehald av riksvegane dei har bygd.
– Regjeringa ønsker å ta vare på heile vegnettet. Derfor er meir pengar til drift og vedlikehald naudsynt for både trafikktryggleik, framkomme, oppetid og for ivaretaking av dei infrastrukturverdiane som er vegane vår, seier Nygård.
Prioriteringa av drift og vedlikehald vil bidra til redusert vedlikehaldsetterslep og forlenga levetid på vegane. Ny teknologi og utvikling av nye indikatorar skal bidra til meir tilstandsbasert oppfølging av vegvedlikehald i planperioden. Eit vegnett som er i god stand er viktig for å ivareta samfunnssikkerheit og beredskap, og for å vere rusta mot endringar i klima, ekstremvær, flaum og skred. Investeringar i fornyingstiltak gir forbetra tilstand blant anna på bruer og tunnelar.
– Gode og trygge vegar er heilt avgjerande for å sikre busetting og verdiskaping i heile Noreg. Fylkesvegane er kvardagsvegane våre, og spelar også ein sentral rolle i totalforsvaret. Regjeringa prioriterer ein årleg ekstra fylkesvegmilliard. Samla gir det 65 milliardar kroner til fylkesvegane. Det er nær 16 milliardar kroner meir enn flat vidareføring av 2024-budsjettet, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande.
Gamal infrastruktur og meir togtrafikk utløyser store behov
Regjeringa prioriterer totalt 178 milliardar kroner til drift, vedlikehald og fornying av jernbaneinfrastrukturen i 12-årsperioden.
Totalt for drift, vedlikehald og fornying av jernbanen er det i årlege gjennomsnitt i 12-årsperioden lagt opp til ein auke på om lag 66 prosent, samanlikna med vidareføring av budsjettnivået for 2024.
Meir togtrafikk og gamal, slitt infrastruktur er to viktige grunnar til at det med unntak for pandemiåra har vist seg vanskeleg å få ni av ti tog til å vere i rute, som er målet for både person- og godstog når det gjeld punktleg togtrafikk.
Auken er størst for fornying, med meir enn ei dobling samanlikna med nivået i årets budsjett. For drift og vedlikehald er auken på nesten 40 prosent.
– Folk må kunne stole på toget. For å få fleire punktlege tog, er det nødvendig å ta betre vare på jernbanen vi allereie har. Vi prioriterer derfor ei stor opptrapping i arbeidet med vedlikehald og fornying av infrastrukturen. Dette er eit realt krafttak som skal gi passasjerar og næringsliv ein meir føreseieleg kvardag, med færre forseinkingar og innstillingar, seier Nygård.
I tillegg til meir pengar er det nødvendig å jobbe smartare. Bane NOR har no betre data og kunnskap om tilstanden på jernbanen. Eit meir datadrive vedlikehaldsarbeid skal gjere det mogleg å spisse innsatsen mot dei tiltaka som gir mest effekt. Det skal gi meir vedlikehald og fornying for pengane, med forbetringar for både passasjerar og godstransportørar.
Som følgje av meir pengar til vedlikehald og fornying av jernbanen samt nye arbeidsmetodar har Bane NOR anslått at innstillingar og timar med forseinkingar vil reduserast med opptil 30 prosent i slutten av NTP-perioden.
For fleire opplysningar – sjå: