NTP 2025-2036: Regjeringa prioriterer fylkesvegane
Pressemelding | Nr: 25/2024 | Dato: 22.03.2024 | Samferdselsdepartementet
Regjeringa vil sette av 30,6 milliardar kroner til fylkesveg i første seksårsperiode av ny Nasjonal transportplan, og 34,4 milliardar kroner i andre seksårsperiode. Dette er i tråd med Hurdalsplattforma der regjeringa varsla ein heilskapleg og forpliktande plan for å redusere vedlikehaldsetterslepet på fylkesvegar i samarbeid med fylkeskommunane.
– Fylkesvegnettet dekker heile landet og har viktige funksjonar for både persontransport og næringsliv. Som ein del av strategien om å ta vare på det vi har, prioriterer regjeringa no meir pengar til fylkesvegane, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.
Fylkeskommunane får den største delen av midlane sine over rammetilskotet i budsjettet til Kommunal- og distriktsdepartementet. Delar av midlane til fylkesveg inngår i ramma til Nasjonal transportplan.
– Gode og trygge vegar er heilt avgjerande for å sikre busetting og verdiskaping i heile Noreg. Fylkesvegane er kvardagsvegane våre, og spelar også ein sentral rolle i totalforsvaret. Regjeringa prioriterer ein årleg ekstra fylkesvegmilliard. Samla gir det 65 milliardar kroner til fylkesvegane. Det er nær 16 milliardar kroner meir enn flat vidareføring av 2024-budsjettet, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande.
Den største delen av auken vil gå til opprusting og fornying. Den auka satsinga på fylkesveg i Nasjonal transportplan vil gje fylkeskommunane større moglegheit til å ta vare på fylkesvegane.
Tryggare og meir robuste fylkesvegar vil styrke beredskapen
For den samla beredskapen er det viktig med fylkesvegar som toler eit tøffare klima i stadig endring, og som vil kunne fungere som omkøyringsvegar ved ras eller flaum.
I den nye sikkerheitspolitiske situasjonen vert transport for forsvarsføremål viktig. Eit forslag som blei løfta i arbeidet med Nasjonal transportplan var å gjere om fylkesvegar som er kritiske for militær mobilitet til riksvegar. Ingen av dei foreslåtte fylkesvegstrekningane blir gjort om til riksveg.
– Regjeringa har lytta til innspela til fylkeskommunane, og vi har tru på at fylkeskommunane kan ta vare på også desse vegane. Regjeringa har prioritert opprusting, fornying og skredsikring av fylkesvegar for å tryggje kvardagsvegane, og ein ny pott på 600 millionar kroner i Nasjonal transportplan til at fylkeskommunane kan ruste opp bruer som er kritisk for militær mobilitet. Dette gjeld 14 bruer i Buskerud, Innlandet, Trøndelag, Troms og Vestland, seier Nygård.
Det vert også lagt opp til ei vidareføring av ordninga med pengar til utbetring av fylkesvegane for meir effektiv tømmertransport. Regjeringa vil prioritere 480 millionar kroner til dette, som vil vere ei dobling av pengebruken. I tillegg vil regjeringa prioritere satsinga på ras- og skredsikring på fylkesvegane høgare. Midlane til tunnelsikkerheit og rentekompensasjon vidareførast.
For fleire opplysningar – sjå: