NTP 2025-2036: Regjeringa legg frem ein ambisiøs plan for utvikling og vedlikehald av vegnettet vårt
Pressemelding | Nr: 32/2024 | Dato: 22.03.2024 | Samferdselsdepartementet
Å ta vare på det vi har, utbetre der vi kan og byggje nytt der vi må er regjeringas hovudstrategi for transportpolitikken og for riksvegnettet. I ny Nasjonal transportplan vrir regjeringa ressursbruken mot drift, vedlikehald og fornying, samstundes som det er lagt opp til oppstart av 29 nye vegprosjekt over heile landet.
– Ny Nasjonal transportplan skal sikre kvardagsvegane våre. Regjeringa har ei kraftfull satsing for å ta vare på vegane vi har og legg opp til oppstart av 29 nye vegprosjekt rundt i heile landet. Det er ein nasjonal transportplan som sørger for betre vegar i heile landet, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.
Samfunnstryggleik og beredskap, skredsikring og god geografisk balanse er omsyn regjeringa har lagt vekt på i samansetninga av porteføljane til Statens vegvesen og Nye veier.
– Vi vil særleg fjerne flaskehalsar, sikre mot skred både på riks- og fylkesveg, auke tryggleiken i tunnelar og på bruer, og generelt ruste vegnettet mot konsekvensane av eit klima i endring, seier samferdselsministeren.
Kontroll med kostnadene blir viktig i åra framover. Både Statens vegvesen og Nye Veier må fortsette arbeidet med optimalisering av prosjekta sine. Dagens system med porteføljestyring blir vidareført og gir insentiv til å auke nytta og redusere kostnadane i prosjekta.
Vil ta vare på vegane våre
Ved å prioritere drift og vedlikehald av vegnettet til rett tid kan vegnettet haldast meir opent, og behov for ressurskrevjande vedlikehaldstiltak kan utsettast. Samstundes er det ei grense for kor lenge utskifting kan utsettast, og det er blant anna mange bruer som vil trenge meir fornying i perioden. Vidare vil meir pengar til vedlikehald bidra til å sikre god tilstand og redusere vedlikehaldsetterslep på vegane.
– Det har òg vore viktig for regjeringa å sjå på arealbruken. Ved å utnytte eksisterande infrastruktur sparar vi både natur og unngår arealinngrep. Drift og vedlikehald av vegnettet er avgjerande for trafikktryggleiken og for å nå nullvisjonen for drepne og hardt skadde i trafikken. Dette har vore viktig for regjeringa i arbeidet, seier Nygård.
Teknologi og klima
For å kunne realisere strategien for riksvegnettet, må nye metodar raskt tas i bruk. Regjeringa vil derfor også prioritere auka bruk av teknologi i vegsektoren. Ein viktig del av dette er bruk av intelligente transportsystem (ITS). Statens vegvesen vil følgje opp målet om digitalisering ved inngangen av ny NTP-periode gjennom tre strategiske retningar: den digitale vegen, digitalisert verdikjede og digitale kundetenester.
– Digitale verkemiddel og stordata vil være viktig for at vi skal nå måla våre for vegnettet, seier Nygård.
Elektrifiseringa av tungbilparken er òg eit av regjeringas viktigaste tiltak for å kutte klimautslepp. Dette krev føreseielege moglegheiter for lading. Regjeringa vil forsterke innsatsen for å opprette nye lade- og døgnkvileplassar langs heile vegnettet.
Organisering av vegsektoren
I tråd med Hurdalsplattforma har regjeringa sett på organiseringa i vegsektoren. Gjennomgangen viser at det har gitt gode resultat å ha både Nye Veier og Statens vegvesen til å bygge riksveg, men at Statens vegvesens rammevilkår må betrast for å sikre effektiv ressursbruk til drift og vedlikehald, og at det kan være naudsynt å gjere meir for å sikre god informasjonsflyt i heile vegsektoren.
– Både Nye Veier og Statens vegvesen har medverka til at vi i dag bygger ut veg meir kostnadseffektivt enn for ti år sidan. Vi har sikra begge verksemder gode rammer for sitt arbeid framover. Samstundes vil regjeringa tydeleggjere ansvarsdeling og informasjonsflyt i heile vegsektoren. Vi skal også vurdere ein revisjon av veglova. For dei reisande er det likegyldig om dei køyrer på riks- eller fylkesveg, og vegaktørane må ha god kontakt for å leggje best mogleg til rette for dei reisande.
For meir om vegsektoren og fullstendig liste over vegprosjekt – sjå fylkesvis oversikt over prosjekt og tiltak og stortingsmeldinga
For fleire opplysningar – sjå: