NTP 2025-2036: Eit krafttak for jernbanen – prioriterer færre forseinkingar og innstillingar

Regjeringa prioriterer nær 436 milliardar kroner til jernbane i ny nasjonal transportplan. Av dette er 205 milliardar kroner til drift, vedlikehald, fornying og mindre investeringar. I gjennomsnitt utgjer dette drygt 17 milliardar kroner per år i 12-årsperioden, ein auke på 62 prosent samanlikna med nivået for 2024.

– Det er bra at grøn togtransport er populært. Samtidig fører auka trafikk og mykje gamal infrastruktur til at talet på forseinkingar og innstillingar er for høgt. Vi skal framleis byggje nytt, men framover prioriterer vi å vri innsatsen til fordel for vedlikehald, fornying og mindre investeringar på jernbanen som vi allereie har. Målet er at toga skal følge rutetabellane. Det er heilt avgjerande for folks tillit til jernbanen, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Som følge av meir pengar til vedlikehald og fornying av jernbanen, samt nye arbeidsmetodar, har Bane NOR anslått at innstillingar og timar med forseinkingar vil reduserast med opptil 30 prosent i slutten av NTP-perioden.

Nær 154 av 436 milliardar kroner er prioritert til store investeringar. Av dette er om lag 95 milliardar kroner sette av til nye tiltak i planperioden, medan resten skal brukast til å fullføre pågåande prosjekt.      

Fleire tog i Oslo-navet

Om lag 80 prosent av persontogtrafikken blir køyrd på Austlandet. For å møte etterspurnaden etter kollektivtransport i landsdelen, er det nødvendig å auke driftsstabiliteten, kapasiteten og togtilbodet i og rundt Oslo.

– Mange små og mellomstore tiltak vil til saman gi dei reisande timinuttsintervall på lokaltogstrekningane inn til Oslo S frå Asker, Ski og Lillestrøm, mot kvartersavgangar i dag. I tillegg blir det mogleg å tilby fire i staden for tre tog i timen til Moss, seier samferdselsministeren.

Om lag 14 milliardar kroner er prioritert til å investere i infrastrukturtiltaka, som blant anna omfattar tiltak på Grorud stasjon, Østfoldbanens austre line, Asker stasjon, Lillestrøm stasjon og Oslo S.

To tog i timen til Fredrikstad – regjeringa fullfører no indre InterCity på Austlandet

I første del av planperioden blir pågåande utbyggingar av dei indre InterCity-strekningane til Tønsberg på Vestfoldbanen og Hamar på Doverbanen ferdig.

– Vi vil gjere ferdig indre InterCity på Østfoldbanen. Passasjerane skal få fleire avgangar og raskare reiser mellom Oslo og Fredrikstad. Det blir to tog i timen, og fire tog i rushtidsretning. Det er ei dobling samanlikna med i dag. Reisetida mellom dei to byane blir på om lag 50 minutt. Det er 10 minutt raskare enn i dag. Dette kjem også passasjerar i byar som Sarpsborg og Halden til gode, seier Nygård.

Utbetringa inneber bygging av 16 km med dobbeltspor mellom Råde (Haug) og Fredrikstad (Seut) og tiltak på dagens stasjon i Fredrikstad og ny stasjon i Råde. Nær 16 milliardar kroner er prioritert til prosjektet.

Tryggare og raskare reiser på strekninga Arna-Stanghelle
I NTP 2025-2036 prioriterer regjeringa nær 16 milliardar kroner til jernbanedelen i fellesprosjektet Arna-Stanghelle, med planlagt anleggsstart i første seksårsperiode.

– Både E16 og Vossebana mellom Arna og Stanghelle er svært rasutsett. Å bygge ny veg og jernbane er ikkje minst viktig for å auke transportsikkerheita for folk og næringsliv. Tre mil med dobbeltspor redusere reisetida med 15 minutt på strekninga Arna-Voss og auke kapasiteten i infrastrukturen, seier Nygård.    

To tog i timen på Trønderbanen – og betre togtilbod på andre banar

– Tilbodsforbetringa frå eitt til to tog i timen mellom Melhus og Stjørdal, med utvida rushperiodar til og frå Steinkjer, gir regiontrafikken inn og ut av Trondheim eit løft. Hyppigare avgangsfrekvens er viktig for at byområdet skal nå nullvekstmålet om å ta auken i persontransport med kollektivtransport, sykling og gonge, seier Nygård.

Om lag 4 milliardar kroner er prioritert i første seksårsperiode til tiltak som aukar kapasiteten. Dette inneber mellom anna nye kryssingsspor, nytt spor, ny plattform og overgangsbru på enkelte stasjonar.

På Kongsvingerbanen, Hovedbanen, Jærbanen og Vossebana er det i andre seksårsperiode prioritert i alt 7,6 milliardar kroner til å styrkje persontogtilboda.   

Meir varefrakt på bane

– Vi prioriterer tiltak som skal gjere det mogleg å frakte meir varer på jernbanen, blant anna mellom Oslo og Trondheim. Det betyr utsleppsfri og klimavennleg transport og rimelegare frakt for næringslivet. I tillegg gir tiltaka 3-4 minutt kortare reisetid for togpassasjerane mellom Oslo og Hamar, seier samferdselsministeren.

Prioriterte strekningar i tillegg til Oslo-Trondheim på Dovrebanen er Oslo-Narvik på Kongsvingerbanen og Ofotbanen (via Sverige), Oslo-Bergen på Bergensbanen og Trondheim-Bodø på Nordlandsbanen. Nær 19,5 milliardar kroner er sette av til å auke godsvolumet på desse strekningane. På Dovrebanen inkluderer tiltaka fullføring av dobbeltspor frå Åkersvika til Hamar stasjon.

Nytt signalsystem skal redusere talet på signalfeil 

Det største investeringsprosjektet er å vidareføre innføringa av det nye digitale signal- og sikringsanlegget ERTMS på heile jernbanenettet.

– Signalfeil er ei av dei viktigaste årsakene til forseinkingar og innstillingar i togtrafikken. Saman med satsinga på vedlikehald og fornying skal ERTMS-utbygginga  bidra til ein meir punktleg togtrafikk. I tillegg legg teknologien blant anna til rette for å gi dei reisande betre sanntidsinformasjon, og til betre utnytting av kapasiteten i dagens jernbanesystem, seier samferdselsministeren.   

Om lag 28 milliardar kroner er prioritert til å skifte ut dei gamle anlegga med ERTMS i løpet av dei neste ti åra. ERTMS-prosjektet er for tida eit av dei største IKT-prosjekta i Noreg.

Nye strategiar

– Samferdselssektoren er prega av raske endringar når det gjeld transport- og beredskapsbehov og teknologiske moglegheiter. Dette gir meir uvisse enn tidlegare om kva for løysingar og ressursbruk som vil stå seg over tid. Vi må vere trygge på dei vala vi gjer og unngå feilinvesteringar. For å sikre eit best mogleg fagleg grunnlag for vidare utvikling av jernbanen, skal det planperioden mellom anna bli utarbeidd ein godsstrategi og ein fjerntogstrategi, seier Nygård.  

I tillegg til togtilbodet på langdistansestrekningane, skal fjerntogstrategien omfatte dei grensekryssande jernbanelinene til Sverige, Nord-Norgebanen, Ringeriksbanen og dei ytre InterCity-strekningane Hamar-Lillehammer, Fredrikstad-Halden og Tønsberg-Skien.


For fleire opplysningar – sjå: