Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU) er statens beste lærebedrift i 2022
Pressemelding | Dato: 09.01.2023 | Kommunal- og distriktsdepartementet
– Eg er imponert over innsatsen NMBU har lagt ned gjennom mange år for å rekruttere og utdanne lærlingar, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).
I dag tok statsråden turen til Ås for å dele ut prisen for beste statlege lærebedrift i 2022 til Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU).
Formålet med prisen er å løfte fram gode eksempel på rekruttering og oppfølging av lærlingar og gjere arbeidet med lærlingar i staten betre kjent.
– NMBU arbeider svært godt med lærlingar. Dei er særleg dyktige på å følgje opp lærlingane fagleg, rettleie dei i karriereval og gi dei eit godt sosialt tilbod. Eg håpar mange andre verksemder lar seg inspirere av den gode jobben NMBU gjer, seier Gjelsvik.
Prisvinnaren fekk eit diplom og 10 000 kroner, som universitetet kan bruke til å styrke ordninga.
Investering i framtida
– Vår rolle som utdanningsinstitusjon er å bidra til at unge menneske finn ein veg til arbeidslivet. Samstundes er vi sjølv avhengig av kompetente fagpersonar på eit breitt felt. Å tilby læreplassar er ei investering i framtida, og bidreg til å utvikle kvalifisert arbeidskraft som både private og offentlege arbeidsgivarar vil ha behov for framover, seier Curt Rice, rektor ved NMBU.
Juryen har bestått av representantar frå Kommunal- og distriktsdepartementet, Kunnskapsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Opplæringskontoret for statlige virksomheter i Oslo og Akershus (OK stat). Den framhevar at NMBU gir lærlingane god fagleg oppfølging og tek til seg nye idear. Dei trakk også fram at universitetet gir lærlingane tilbod om karriererettleiing og tilbyr kunnskap om tema utover det reint faglege som lærlingane kan ha nytte av når dei skal ut i arbeidslivet.
Andre nominerte til prisen var OsloMet, Nidaros Domkirkes Restaureringsarbeider og Lånekassen.
Satsar på fleire læreplassar i staten
Regjeringa vil arbeide for å få fleire læreplassar i staten. Derfor held dei fast på kravet om at alle statlege verksemder med meir enn 75 tilsette til ein kvar tid skal ha minst ein lærling. Større verksemder bør ha ambisjon om fleire lærlingar.
– Vi treng fleire fagarbeidarar i tida som kjem, både i privat og offentleg sektor. Derfor er det ei god investering for framtida å leggje til rette for læreplassar i staten, seier Gjelsvik.