Noreg på landbruksministermøtet i G20
Nyheit | Dato: 16.09.2024 | Landbruks- og matdepartementet
Noreg deltek i år som gjesteland under Brasil sitt presidentskap i G20. G20-møtet er eit internasjonalt forum for økonomisk samarbeid der dei leiande og framveksande økonomiane i verda avstemmer strategiar kvart år.
Brasil hadde tre hovudprioriteringar for formannskapet sitt i G20: Kampen mot svolt, fattigdom og ulikskap, energiomstilling og reform av multilaterale institusjonar.
– Noreg har i prosessen mot ei felles ministererklæring for landbruk støtta aktivt opp om initiativet til Brasil som gjeld familielandbruk. Me har òg lagt vekt på betydinga av auka nasjonal matproduksjon og mattryggleiksperspektiv, seier statssekretær Wenche Westberg i Landbruks- og matdepartementet.
Westberg leidde den norske delegasjonen ved landbruksministermøtet i G20 i Chapada dos Guimarães i delstaten Mato Grosso som ligg vest i Brasil. Noreg deltok som gjesteland.
Landbruk og fiske
På møtet heldt Westberg to innlegg i plenum. Ho la vekt på viktigheita av familielandbruket i kampen mot svolt og fattigdom og likestilling i landbruket og fiskeria som avgjerande faktorar for å trygga matproduksjon til ei veksande befolkning.
– Eg tykkjer også det er bra at ministererklæringa tek føre seg berekraftig landbruk, fiskeri og akvakultur. Dette er heilt avgjerande i kampen mot fattigdom, mattryggleik og tap av biologisk mangfald.
Bilaterale samtalar
Statssekretæren heldt òg møte med familielandbruksminister i Brasil Paulo Teixeira, generaldirektør Qu Dongyu i FAO og president Alvaro Lario i IFAD.
– Noreg er ein stor bidragsytar, og det er verdifullt å kunna snakka med leiinga i organisasjonane.
På møtet med familielandbruksminister Teixeira gav Westberg tydeleg støtte til ei rekke initiativ som Brasil har tekePå møtet med familielandbruksminister Teixeira gav Westberg tydeleg støtte til fleire initiativ som Brasil har teke, spesielt etableringa av den globale alliansen mot svolt og fattigdom. Westberg viste til familielandbruket som ein berebjelke i norsk matproduksjon.
Teixeira viste også til dei mange samarbeidsområda mellom Noreg og Brasil og nemnde mellom anna Amazonasfondet. Han sa også at Brasil har hatt framgang med å redusera svolt, men at det framleis er ein veg å gå.
Teixeira uttrykte store ambisjonar for korleis Brasil skal vidareføra sitt engasjement mot svolt og fattigdom fram mot presidentskapen for klimatoppmøtet i 2025.