Revidert nasjonalbudsjett
Noreg oppnår NATOs to-prosentmål allereie i år
Nyheit | Dato: 14.05.2024 | Forsvarsdepartementet
Regjeringas foreslåtte styrking av forsvarsbudsjettet i revidert nasjonalbudsjett på 13 milliardar kroner gjer at Noreg oppnår NATOs to-prosentmål allereie i 2024. – For regjeringa er det særs viktig å komme i gong med satsinga på forsvar så fort som mogleg. Forsvarsbudsjettet passerer med dette for første gong 100 milliardar kroner, noko som viser at Noreg tar eigen og NATOs felles tryggleik på alvor, seier forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp).
Prognosen per mai 2024 tilseier at BNP-delen blir 2,17 prosent i 2024. Regjeringa har tidlegare lagt til grunn å bruke minimum to prosent av bruttonasjonalproduktet på forsvarsutgifter frå og med 2026. Regjeringa vil auke forsvarsbudsjettet frå om lag 91 milliardar kroner til over 104 milliardar kroner i år.
– Noreg vil nå målet allereie i år. Det sender eit viktig bodskap til våre allierte når vi samlast til NATO sitt toppmøte i Washington DC i juli i år, seier Gram.