Noreg og Færøyane samde om fiskeriavtale

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Noreg og Færøyane er samde om fiskeriavtale for 2023.

– Avtalen med Færøyane er viktig for oss. Norske fiskarar har lange tradisjonar for å fiske i færøyske farvatn. Det er bra at vi har fått på plass ein avtale som vidarefører desse fiskemogelegheitene også i 2023, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran.

Avtalen for 2023 fører vidare kvotenivået frå i år. Det betyr at kvota på lange/blålange blir 3 000 tonn, brosmekvoten haldast på 1 500 tonn. Kvota for bifangst for andre artar på 800 tonn og makrellkvota på 6 600 tonn vidareførast frå i år. Makrellkvota kan fiskast både i færøyske farvatn, norsk økonomisk sone og internasjonalt farvatn.

Færøyane si kvote blir på 4 945 tonn torsk, 1 100 tonn hyse, 500 tonn sei og 400 tonn andre arter som bifangst i norsk sone. Det er ei vidareføring av kvotane for inneverande år.

I tillegg til desse kvotene, kan færøyske fartøy fiske opp til 5 450 tonn torsk, 500 tonn hyse og 300 tonn andre artar som bifangst, som dei har fått gjennom bytteavtalen sin med Russland. Samtidig kan  norske fartøy fiske opp til 50 000 tonn av den norske kolmulekvota for 2023 i færøyske farvatn.

Dokumenter

Protokoll Norge Færøyene.pdf