Noreg gir nye 3 milliardar kroner i sivil støtte til den ukrainske staten
Nyheit | Dato: 13.12.2023 | Utanriksdepartementet
Dei Ukrainske styresmaktene er avhengig av støtte frå det internasjonale samfunnet for å halde sjukehus og skular opne og for å sikre ukrainarane straum og varme gjennom vinteren. Noreg set no av 3 milliardar kroner til i sivil støtte til å hjelpe ukrainske styresmakter.
Pengane er ein del av Nansen-midlane. Russlands angrepskrig har påført sivilbefolkninga i Ukraina store lidingar. Den norske støtta vil mellom anna bidra til at utbetalingar av pensjonar og kontantstønad til internt fordrivne når sårbare familiar. Reparasjon og drift av sivil infrastruktur er òg viktig for å kunne levere grunnleggjande tenester.
– I natt såg vi endå ein gong at Russland brutalt angrip sivile mål i Ukraina. Norsk støtte vil lette kvardagen for ei hardt pressa befolkning. Det at den ukrainske staten kan halde grunnleggjande tenester og drift av sivil infrastruktur i gang, styrkjer òg Ukrainas motstandskraft og forsvarskamp, seier utanriksminister Espen Barth Eide.
Bidraga frå Noreg og andre partnarar for drift, reparasjon og gjenoppbygging av øydelagd infrastruktur vil vere avgjerande òg i 2024. Det nye norske bidraget blei annonsert under samtalen til statsministeren med president Zelenskyj i Oslo i dag.
Pengane blir kanaliserte gjennom Verdsbankens fleirgivarfond for Ukraina. På denne måten sørgjer vi for at grunnleggjande tenester når effektivt fram til den ukrainske befolkninga gjennom styresmaktenes eigne, og framleis velfungerande, system. Norsk støtte gjennom Verdsbanken bidreg òg til reformer som legg grunnlag for økonomisk vekst framover, gjenoppbygging og europeisk integrasjon etter krigen.
– Vi veit at behova er store og at Ukraina har eit akutt behov for pengar. Verdsbanken har mobilisert stort og raskt for å støtte ukrainske styresmakter, i eit breitt spleiselag med givarland, seier utanriksminister Eide.