Statsbudsjettet 2025
Nordområdesatsing for fiskerikontroll og Blue Justice
Pressemelding | Dato: 07.10.2024 | Nærings- og fiskeridepartementet
Regjeringa foreslår å auke løyvinga til fiskerikontroll i Troms og Finnmark med 4 millionar kroner. Regjeringa foreslår også auka løyving på 5 millionar kroner for å støtte opp om arbeidet knytt til Blue Justice International Tracking Centre i Vardø.
– Å styrke Fiskeridirektoratet sin kontrollkapasitet vil medverke til ei berekraftig hausting av ressursane og såleis til at fiskeindustrien i nord får råstoff også i framtida. Det vil i tillegg gi fleire arbeidsplassar i regionen og meir rettferdig konkurranse mellom fiskebedriftene, seier fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss.
Regjeringa ønskjer også å vidareutvikle Blue Justice-satsinga i Vardø for å sikre at regionen held fram med å vere ein internasjonal nøkkelaktør innan havovervaking.
– Internasjonalt er Vardø i front når det gjeld bruk av satellittdata i innsatsen mot fiskerikriminalitet. Å bidra med denne kompetansen i det globale arbeidet mot ulovleg fiske er både riktig og viktig, seier fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss.
Meir kontroll på kaikanten
Kvotane på verdifulle artar som kongekrabbe og torsk har gått kraftig ned. Det er derfor enda viktigare enn tidlegare å sikre god kontroll med at ressursane ikkje blir overbrukte og truar berekrafta. Ulovleg fiske og omsetning av fisk generelt og av kongekrabbe i det kvoteregulerte området i Aust-Finnmark spesielt, er eit kjent problem, som øydelegg for både fiskarar og industri på sikt. Regjeringa arbeider med ei reform av fiskerikontrollen. Det skal bli betre kontroll i heile verdikjeda til fisken frå fjord til bord. Auka kontroll på kaikanten er eitt av punkta i Hurdalsplattformen.
Nord-Noreg er i ferd med å utvikle eit leiande kompetansemiljø innan romfart og byggjer no opp ein sterk norsk romindustri med tyngdepunkt i regionen. Regjeringa vil styrkje Blue Justice sitt havovervakingprogram med fem millionar kroner og Nord-Noreg si stilling som ein internasjonal nøkkelregion innan rombasert havovervaking.
– Noreg er verdsleiande på hav og havovervaking. Vi vil at denne kompetansen skal bidra til vekst i romindustrien i Nord-Noreg. Samankoplinga mellom dei forskjellege kompetansemiljøa i regionen vil sikre at kunnskapen blir verande og vidareutvikla her, seier næringsminister Cecilie Myrseth.
Regjeringa sine hovedspor som styrkjer fiskerikontrollen
- Ein meir effektiv ressurskontroll – Auka kontroll på kaikanten er eitt av punkta i Hurdalsplattformen
- Styrkt politi - Regjeringa har styrkt politiet sin innsats mot fiskerikriminalitet, og Økokrim har fått ekstra midlar til dette arbeidet.
- Digitalisering og dokumentasjon – Det er eit mål å etablere eit automatisert dokumentasjonssystem for norsk fiskerinæring slik at uttaket av ressursane blir registrert på ein korrekt måte.
Meir om Blue Justice
- Blue Justicesatsinga i Nord Noreg er knytt til regjeringa sitt ønske om å styrkje innsatsen mot fiskerikriminalitet internasjonalt. Dette er omtalt i Hurdalsplattforma
- Noreg leier an i dette arbeidet, og tok initiativ til ei politisk erklæring mot fiskerikriminalitet i 2018. No har 60 land slutta seg til erklæringa.
- Blue Justice vart lansert i 2019 for å hjelpe erklæringsland med å jobbe mot internasjonal fiskerikriminalitet i samarbeid med FNs utviklingsprogram (UNDP) og ei rekkje partnarar. Sekretariatet til Blue Justice er i Nærings- og fiskeridepartementet.
- Ein viktig del av satsinga er Blue Justice International Tracking Center som ligg i Kystverkets traffikksentral i Vardø med tilsette frå Kystverket og Fiskeridirektoratet.