No er det nasjonale folkepanelet på plass

I september mottok 40 000 innbyggjarar ein SMS med invitasjon om å delta i landets første nasjonale folkepanel. I dag møtest paneldeltakarane for første gong for å starte arbeidet med å utforme råd til regjeringa om korleis vi kan redusere forbruket vårt.

 – Dette er ein heilt ny måte å involvere folk på når vi utformar politikk. Eg er spent på kva deltakarane frå heile landet kjem fram til saman, og ser fram til å følgje prosessen og dei råda dei gir, seier digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung (Ap). 

Panelet består av 65 personar frå heile Noreg og speglar befolkninga når det gjeld kjønn, alder, geografi, utdanningsnivå og haldningar til berekraft.  

Medlemmene i folkepanelet skal gjennom hausten møtast både digitalt og fysisk. Den første digitale samlinga er i dag, 30. oktober - etterfølgd av ei fysisk samling på Gardermoen helga 16.-17. november.  

Medlemmene skal lære om temaet berekraftig forbruk og utforme råd som skal overleverast til regjeringa i februar neste år. Innspela vil bli ein viktig del av arbeidet med regjeringas stortingsmelding om berekraftmåla som skal leggjast fram våren 2025.  

Om panelet

Det er lik fordeling av kvinner og menn i panelet. Utdanningsnivået i panelet speglar også Noregs befolkning, med deltakarar fordelt på grunnskule, vidaregåande og høgare utdanning. Det same gjeld geografi: 16 av medlemmene kjem frå Vestlandet, 9 frå Agder og Sør-Austlandet, 9 frå Nord-Noreg, 6 frå Trøndelag, 5 frå Innlandet, og 21 deltakarar frå Oslo og Viken.  

Du kan lese meir om representativiteten til folkepanelet her.  

OECDs tilrådningar for innbyggerinvolvering og folkepaneler ligg til grunn for arbeidet til folkepanelet. Prosjektet blir leia av selskapet SoCentral, og dei har med seg We Do Democracy i gjennomføringa. 

Les mer om formålet, metoden og tidslinjen for folkepanelets arbeid her: Nasjonalt folkepanel om bærekraftig forbruk (folkepanel.regjeringen.no)