Næringsministeren inviterer til handelspolitisk frukost

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Fredag 24. november inviterer næringsminister Jan Christian Vestre til handelspolitisk frukost på Kulturhuset. Tema blir korleis geopolitikk og klimaendringar påverkar norsk handelspolitikk og næringsliv.

Nett-tv Næringsministeren inviterer til handelspolitisk frukost

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

For påmelding, se skjema nederst

– Eg gleder meg til spennande diskusjonar om moglegheiter og utfordringar vi står overfor i lys av endringar rundt oss, seier næringsminister Jan Christian Vestre.

Handel med andre land har vore heilt avgjerande for norsk verdiskaping. Maritim næring, sjømat, energi og industri er blant våre viktigaste eksportnæringar, og har bidratt  til den store velstandsveksten i Noreg. Internasjonal handel skaper inntekter og arbeidsplassar i heile landet, og gir økt konkurranse og lågare priser.

Men handelssystemet som har tent Noreg godt er nå under press av fleire grunner. Mellom anna tek sikkerheitspolitikk og klimapolitikk større plass i handelspolitikken enn tidlegare.

Dette, og meir til, skal næringsministeren diskutere med eit bredt panel. Panelet består av LO-leder Peggy Hessen Følsvik, internasjonal direktør Kristin Hansen i NHO, Karen Helene Ulltveit-Moe professor i Samfunnsøkonomi, Ulf Sverdrup professor i Statsvitskap, Frankie Solberg Rød generalsekretær i Handelskampanjen, og Anette Matre konserndirektør for bærekraft i AutoStore.

Arrangementet er ope for alle, men krev påmelding, også for media.

Spørsmål kan rettes til epost mbr@nfd.dep.no, telefon 95900253.

Praktisk informasjon:

Tid: Fredag 24. november, klokken 08:00 – 09:30

Sted: Kulturhuset, Youngs gate 6, 0181 Oslo

Program:

08:00             Dørene opnast, frukost

08:15             Velkommen v/moderator Eirik Bergesen

08:18             Næringsminister Jan Christian ynskjer velkommen

08:25             Panelsamtale om handelspolitikk

09:05             Oppsummering frå statsråden       

09:10             Spørsmål frå salen  

09:30             Avslutning

Strauming:
Overrekkinga blir filma av Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa (DSS) og kan følgjast direkte på denne sida. Her kan også videofila lastast ned i etterkant. DSS distribuerer publiseringspunkt til media som vil sende arrangementet direkte. DSS kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller e-post dss-videoproduksjon@dss.dep.no.

Presse som ønskjer å bygge inn nett-tv-sendinga på sine nettsider finn embed-kode ved å trykkje «Del video»-knappen i videospelaren på sida.