Statsbudsjettet 2023

Nær dobling av støtta til skeive organisasjonar

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

– Noreg skal bli eit tryggare, meir likestilt og inkluderande samfunn. Derfor aukar vi no støtta til dei skeive organisasjonane, til det nær dobbelte, seier kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen.

Skeive skårar dårlegare på levekårsundersøkingar, og rapporterer om dårlegare livskvalitet enn andre grupper. Støtta til LHBT+-organisasjonane er i 2023-budsjettet foreslått auka med 15 millionar kroner, noko som er nær ei dobling frå 2022.

Pengane til organisasjonane skal bidra til betre levekår og livskvalitet, mellom anna ved å gå til oppfølging etter angrepet 25. juni.

– Angrepet som skjedde i Oslo 25. juni var ei vond påminning om at vi stadig må jobbe for et meir likestilt og inkluderande samfunn. Angrepet sette ein støkk i oss alle og ramma LHBT+-miljøet hardt. I heile landet er det folk som treng støtte og oppfølging, ikkje minst av sine eigne organisasjonar. Vi må dessverre framleis kjempe for retten og fridomen til å vere den du vil, seier Trettebergstuen.

I forslaget doblar blant anna regjeringa tilskotet til Oslo Pride frå 1 million til 2 millionar kroner i 2023.

– Oslo Pride er kjempeviktig. Dei organiserer årleg Noregs største skeive markering, og dei tek imot folk frå heile landet. Vi aukar tilskotet for å sikre tryggare økonomiske rammer rundt arbeidet med arrangementet, seier Trettebergstuen.