Møte mellom regjeringa og Samarbeidsforum mot fattigdom
Nyheit | Dato: 16.02.2024 | Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Alle skal ha moglegheit til å leve gode, trygge liv. Små forskjellar gjer Noreg til eit samfunn med høg tillit og like moglegheiter mellom folk. Difor prioritera regjeringa å redusere forskjellar, og auke sosial mobilitet.
– Barn med vanskelege oppvekstvilkår får ofte svakare tilknyting til arbeidslivet, og færre moglegheiter i livet. Alle skal ha tryggleik i kvardagen. Difor er det viktig med ein politikk som førebygge utanforskap og reduserer sosiale ulikskap. Først og fremst for barna og deira liv, men også fordi vi trenger at så mange som mogleg får den tryggleiken som ein jobb å gå til gir deg, seier arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna (Ap).
Samarbeidsforum mot fattigdom møtte fredag arbeids- og inkluderingsministeren og statssekretær frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Hovudtemaet for møtet var at regjeringa ønska innspel til arbeidet med stortingsmeldinga om sosial utjamning og mobilitet.
– Om lag 102 000 barn veks opp i familiar med vedvarande låginntekt. Dei siste to åra har vi redusert dette talet, men vi er ikkje i mål. Barn som veks opp i familiar der foreldra har kort skulegang og låg inntekt, har ei høgare risiko for avbroten skulegang, låg inntekt, dårleg helse og svak tilknyting til arbeids- og samfunnsliv som vaksne. Vi vil fortsette å prioritere grep som gir mindre fattigdom, og betre moglegheiter for alle, seier Brenna.
– Tar med innspela inn i arbeidet
På møte kom Samarbeidsforumet også med innspel til stortingsmeldinga om arbeidsmarknadspolitikk.
Regjeringa vil bidra til at alle som kan jobbe, skal jobbe. Det er bra for den enkelte, som får trivsel og meistring i arbeidsfellesskapet, og økonomisk tryggleik gjennom ein fast inntekt. Vi veit at ein stabil jobb er eit godt vern mot låginntekt, og dermed også mot barnefattigdom. Vi tar med innspela inn i arbeidet, seier Brenna.
Samarbeidsforum mot fattigdom
Samarbeidsforum mot fattigdom ble etablert for å bidra til å byggje kompetanse og kapasitet hos organisasjonane på feltet. Dei omtaler seg sjølv som eit organ for politisk påverknadsarbeid. Kontaktutvalet mellom regjeringa og representantar for sosialt og økonomisk vanskelegstilte møtes tre gongar i året, og består av 10 ulike brukarorganisasjonar:
- Aleneforeldreforeningen
- BibiAmka
- Bikuben – brukarstyrt senter i Nord-Norge
- Leiebuaerforeininga
- Likestilling Inkludering og Nettverk (LIN)
- Marborg,
- RIO – Rusmisbrukarens interesseorganisasjon
- Speleavhengigheit – Norge
- Velferdsalliansen
- Wayback
Normalt deltar eit utval av brukarrepresentantane i Samarbeidsforum på møtane i Kontaktutvalet, avhengig av tema på dagsorden.