Melding frå Kongen til Stortinget om Noregs rikes tilstand og styring i tida etter siste melding

Stortinget, 11. oktober 2021.

I samsvar med Grunnlova gir Kongen denne meldinga til Stortinget om Noregs tilstand og styring i tida etter siste melding.

Koronapandemien har prega det norske samfunnet det siste halvtanna året.

No er dei fleste innbyggjarane i Noreg over 12 år vaksinerte. Dei fleste opplever no ein normal kvardag, men samfunnsberedskapen er auka.

Smitteverntiltaka som vart sette i verk i mars i fjor, førte til den største auken i arbeidsløysa i etterkrigstida. Særleg var det mange permitterte. Mange av dei som vart permitterte under pandemien, har kome tilbake i jobb. Den registrerte arbeidsløysa nærmar seg nivåa frå før pandemien.

Samanlikna med dei fleste andre land har det økonomiske tilbakeslaget i Noreg vore moderat. Gjennomgåande har smittetala òg lege lågare enn i dei fleste andre land. Saman med eit helsevesen som heile vegen har kunna gi god behandling, har det ført til relativt få dødsfall som har vore relaterte til covid-19. Sjølv om sjukehusa har vore nøydde til å prioritere beredskap, har det meste av den ordinære aktiviteten blitt halden i gang.

Koronapandemien har også det siste året vore krevjande for barn, elevar og tilsette i barnehagar og skular. Det har vore eit mål å halde dei ordinære tenestene for barn og unge opne i så stor grad som mogleg under pandemien. Trass i smitte har skular og barnehage vore opne, og vi har ikkje hatt noka nasjonal nedstenging som ifjor.

Koronapandemien gjorde det òg nødvendig med strenge reglar for innreise til Noreg. Sidan mars 2020 har politiet, med hjelp frå Tolletaten og Forsvaret, gjennomført kontroll på grensa for å handheve innreiserestriksjonar og smittevernreglar. Reglane har vore blant dei strengaste i Europa og har gjort sitt til å halde smittenivået nede. Etter vinteren har reglane gradvis blitt mjuka opp, i takt med at befolkninga er blitt vaksinert.

Det har vore sett i verk omfattande mellombelse finanspolitiske tiltak i møte med krisa. I tillegg satte Noregs Bank styringsrenta ned til null. Det har bidrege til at næringslivet har kome seg gjennom krisa, og til den sterke aktivitetsveksten vi no opplever. Det har òg vore omfattande tiltak retta mot kultur og frivilligheit.

Verdiskapinga i norsk økonomi har auka markert det siste året. Ved utgangen av august var 2,7 prosent av arbeidsstyrken registrert som heilt ledige hos Nav. Det er om lag 10 000 fleire personar enn før pandemien.

Ved utgangen av august var det samla sett registrert 140 200 arbeidssøkjarar (summen av heilt ledige, delvis ledige og personar på tiltak) hos Nav.

Pandemien har slått ulikt ut, både for næringar og personar. Samla sett står dei næringane som har vore hardast ramma, for 10 prosent av fastlands-BNP og rundt ein seksdel av samla sysselsetjing. Aktiviteten i desse næringane var 20 prosent lågare i juli 2021 enn i februar 2020. Dei andre 90 prosent av norsk økonomi hadde henta igjen det tapte allereie før sommaren, med ein vekst på 2,1 prosent frå februar 2020 til juli 2021.

Norsk økonomi er inne i ei rask opphenting, mellom anna driven av vekst i det private forbruket. Samtidig har krona halde seg relativt svak, særleg målt mot euro. Det legg til rette for auka aktivitet for eksportretta næringsliv når etterspurnaden tek seg opp igjen.

Gjeldsveksten i hushalda har auka litt sidan sommaren i fjor, etter å ha minka dei tre tidlegare åra. Regjeringa har sett i verk tiltak for ei meir berekraftig utvikling i gjelda til hushalda.

Verdien av Statens pensjonsfond utland har stige kraftig dei siste åra og har no kome opp i nær 12 000 milliardar kroner.

Utanrikspolitikken har vore prega av den internasjonale pandemihandteringa, styrkt samarbeid med USA, NATO og Europa, Noregs medlemskap i FNs tryggingsråd og arbeidet med å nå berekraftsmåla innan 2030.

Gjennom arbeidet i Tryggingsrådet fremjar vi norske interesser, respekt for og etterleving av folkeretten, og dessutan ein regelstyrt multilateral verdsorden og internasjonalt forpliktande samarbeid.

I europapolitikken arbeider regjeringa for at EØS-avtalen skal halde fram med å vere ei velfungerande ramme for Noregs samarbeid med EU.

Samarbeid om Europas grøne giv bidreg til omstilling og skaper moglegheiter for norsk næringsliv.

Inngåinga av frihandelsavtalen med Storbritannia hadde mykje å seie for norsk verdiskaping og arbeidsplassar.

I april underteikna regjeringa ein tilleggsavtale om forsvarssamarbeid med USA for å styrkje samarbeidet i ramma av NATO.

Regjeringa har lagt fram ein ny langtidsplan for forsvarssektoren. I vedteken langtidsplan har regjeringa prioritert ei ytterlegare styrking av Forsvaret og sett i verk ei rekkje tiltak for å styrkje forsvarsevna.

Etter 20 års militært engasjement i Afghanistan har forsvarspersonellet returnert til Noreg, og det militære oppdraget er avslutta.

Over tid har Forsvaret sin innsats i Afghanistan hausta mange lovord frå allierte og partnarar, og dette har blitt forsterka etter den krevjande evakueringa frå Kabul nyleg.

Regjeringa har lagt stor vekt på arbeidet med beredskap i dei ti åra som har gått sidan terroren 22. juli 2011, og alle tilrådingane frå Gjørv-kommisjonen er følgde opp.

Gjennomføringa av politireforma har styrkt kvaliteten på arbeidet til politiet og gitt meir einskaplege tenester. Målet om to politifolk per 1000 innbyggjarar er nådd. Dei nasjonale krava til responstid i alle tre tettstadskategoriar vart nådde i 2020, for første gong sidan målingane starta i 2015.

I november i fjor opna Politiets nasjonale beredskapssenter.

For å styrkje evna til å førebyggje og handtere terror har regjeringa utvikla ein kontraterrorstrategi.

For mange arbeidssøkjarar er kompetanseheving nødvendig for å kome i arbeid. Med eit nytt dagpengeregelverk frå 1. oktober i år vil det bli enklare å kombinere dagpengar med utdanning og opplæring. Det er særleg lagt til rette for at fleire kan fullføre fag- og yrkesopplæring.

Regjeringa sin strategi mot arbeidslivskriminalitet vart oppdatert i februar.

Etter forslag frå regjeringa har Stortinget vedteke lovendringar om oppheving av plikta til å fråtre stillinga ved ei lågare aldersgrense enn den alminnelege aldersgrensa. Å gi eldre arbeidstakarar ei moglegheit til å halde fram i jobb dersom dei ønskjer det, er bra både for kvar enkelt og for samfunnet.

I juni la regjeringa fram Meld. St. 32 (2020–2021) Ingen utenfor – En helhetlig politikk for å inkludere fleire i arbeids- og samfunnsliv.

Regjeringa sette i 2018 ned eit sysselsetjingsutval. Utvalet har overlevert to rapportar, med forslag til tiltak for auka inntektssikring og auka sysselsetjing. Regjeringa arbeider med å vurdere forslaga frå utvalet i lys av høyringa.

I fjor haust tok skulane i bruk dei nye læreplanane som er utvikla gjennom fagfornyinga.

Utdanningsløftet vart innført i møte med pandemien og er vidareført i 2021. Dette inneber ei betydeleg satsing på kompetanse og auka kapasitet i vidaregåande opplæring. Det har òg gitt ein historisk vekst i talet på studieplassar i fagskular, universitet og høgskular.

Ny integreringslov vart innført frå 1. januar i år. Lova legg vekt på differensiering av introduksjonsprogrammet for kvar enkelt.

Tolkelova vart fremja for og vedteken av Stortinget i vår. Lova gjer det tydeleg kva for ansvar offentlege organ har når det gjeld å bruke tolk.

Regjeringa har lagt fram ei likeverdsreform som skal gjere kvardagen enklare for barn som har behov for samansette tenester, og familiane deira.

Frå 1. september vart barnetrygda for barn under seks år auka med 3 600 kroner i året. Barnetrygda har dermed auka med 8 200 kroner sidan 2018 for denne aldersgruppa.

Eingongsstønaden ved fødsel har blitt heva vesentleg dei siste åra. Ytinga har auka frå litt over 35 000 kroner i 2013 til over 90 000 kroner i 2021.

Etter forslag frå regjeringa vedtok Stortinget i juni ny barnevernslov som skal styrkje rettstryggleiken for barn og foreldre.

Regjeringa har nedsett barnevernsutvalet, som skal vurdere korleis barnevernet kan sørgje for betre kvalitet og rettstryggleik i dei mest alvorlege og samansette sakene.

Det er viktig at alle land aukar klimaambisjonane slik at 1,5-gradersmålet er innanfor rekkjevidde. Noreg melde inn eit forsterka mål for 2030 til FN allereie i 2020 om å redusere utsleppa med minst 50 og opp mot 55 prosent. I 2050 skal utsleppa reduserast med 90–95 prosent. Måla er no lovfesta.

I januar la regjeringa fram ei melding til Stortinget med ein klimaplan for 2021–2030. Den viser korleis Noreg skal oppfylle klimamålet for 2030 og samtidig skape grøn vekst.

I juni la regjeringa fram ei stortingsmelding om langsiktig verdiskaping frå norske energiressursar. Nye næringar, som hydrogen og havvind, styrking av straumnettet og ei framtidsretta olje- og gassnæring med låge utslepp skal bidra til vidare verdiskaping. Meldinga inneheld òg ein strategi for smart og effektiv elektrifisering av Noreg og eit vegkart for hydrogen.

Stortinget gav i fjor si tilslutning til Langskip, det norske prosjektet for fangst og lagring av CO2. Bygginga har starta, og det er internasjonal interesse for å bruke det norske CO2-lageret.

Det tragiske kvikkleireskredet i Gjerdrum rett før nyttår kravde ti menneskeliv og gjorde store materielle skadar. Det er løyvd ressursar til sikring og opprydding etter hendinga. Eit regjeringsoppnemnt utval undersøkjer årsaker til kvikkleireskred og vurderer førebyggjande tiltak mot kvikkleireskred i heile landet.

Regjeringa la i november 2020 fram ei stortingsmelding som presenterer regjeringa sin strategi for trygg nedbygging av norske atomanlegg og handtering av nasjonalt radioaktivt avfall.

Regjeringa har lagt fram ei stortingsmelding om maritim næring med særleg vekt på å fremje klima- og miljøvennleg skipsfart, digitalisering av maritim sektor og norsk maritim kompetanse.

Regjeringa har lagt fram ei melding til Stortinget om berekraftsmåla, med ein handlingsplan som viser korleis heile samfunnet skal engasjerast for at vi skal nå måla innan 2030.

Stortinget behandla distriktsmeldinga hausten 2020. Tre distriktspolitiske strategiar skal bidra til vekstkraft, likeverdige tenester, berekraftig utvikling og attraktive bu- og arbeidsregionar over heile landet.

Stortingsmeldinga om vår felles digitale grunnmur gir retning for utvikling av mobil-, breibands- og internettenester, som er fundamentet for digitalisering i alle sektorar.

Aktiviteten innanfor bygging og vedlikehald av veg og jernbane er framleis høg, og arbeidet med jernbanereforma held fram. Det er i 2021 sett i gang konkurranse om drift og vedlikehald av jernbanenettet.

Regjeringa sitt forslag til ny lov om kollektiv forvaltning av opphavsrett vart vedteken av Stortinget og tredde i kraft i år. Lova skal sikre effektiv, forsvarleg og open forvaltning.

Årets jordbruksoppgjer enda i brot då jordbruksorganisasjonane ikkje ville gå i forhandlingar. Regjeringa gjekk derfor til Stortinget med eit forslag basert på tilbodet frå staten.

 

Etter ein markert nedgang i 2020 som følgje av lågare prisar på olje og gass, har overskotet på driftsbalansen auka så langt i år. I første halvår var overskotet på 185 milliardar kroner. Det er ein auke på vel 140 milliardar kroner frå same periode i fjor. Overskotet på driftsbalansen har ikkje vore høgare i eit første halvår sidan 2014.

Gjennomsnittleg lønnsvekst frå 2019 til 2020 var på 3,1 prosent. Lønningane auka meir enn konsumprisane, og reallønna etter skatt voks med 1,8 prosent i fjor. I første halvår i år var lønningane 2,5 prosent høgare enn i same periode i fjor. I same periode steig konsumprisane med 2,9 prosent.

Petroleumssektoren har blitt mindre dominerande i norsk økonomi etter oljeprisfallet i 2014. Det må mellom anna sjåast i samanheng med utviklinga i prisane på olje og gass. Statens netto kontantstraum frå petroleumsverksemda var i fjor på 107 milliardar kroner.

Eit av måla i IA-avtalen er å redusere sjukefråværet med 10 prosent frå 2018. Sjukefråværet i 2020 var høgare enn sjukefråværet i 2018, også når det blir korrigert for koronarelatert fråvær. Det sesongjusterte sjukefråværet i første halvår 2021 var på same nivå som i 2020.

Ved utgangen av andre kvartal 2021 budde det om lag 5,4 millionar personar i Noreg. Det er ein auke på 10 800 frå utgangen av 2020. Om lag 80 prosent av befolkningsauken første halvår 2021 kom av fødselsoverskot, medan om lag 20 prosent kom av nettoinnvandring. I 2020 auka befolkninga med om lag 23 800 personar, med om lag like store bidrag frå nettoinnvandring og fødselsoverskot. Det vart fødd om lag 53 000 barn i 2020, om lag 1 500 færre enn i 2019.

Covid-19-pandemien har vist kor tett verda heng saman, og har understreka verdien av multilateralt samarbeid i møte med globale utfordringar.

Tett samarbeid med nordiske og andre nærståande europeiske land, og EU, har vore avgjerande for Noreg i møte med pandemien. Vi har fått mykje igjen for tilliten og det gode samarbeidet vi har investert i og bygd over tid.

Noreg tok tidleg på seg ei leiarrolle i arbeidet med å sikre rettferdig global tilgang til covid-19-vaksinar, medisinar og testar. Sidan september 2020 leier Noreg saman med Sør-Afrika fasiliteringsrådet for den internasjonale koalisjonen for nedkjemping av koronapandemien, «Access to Covid-19 Tools Accelerator» (ACTA). ACTA har bidrege til å utvikle vaksinekandidatar og hurtigtestar i eit tempo verda aldri tidlegare har sett. Vaksinepilaren Covax planlegg å levere meir enn 1,8 milliardar vaksinedosar før tidleg 2022.

Covid-19 er ikkje berre ei global helsekrise. Det er ei økonomisk og sosial krise som har ført millionar av menneske inn i svolt og fattigdom. Menneskerettane, mellom anna jenters og kvinners rettar, har kome under press. Noreg held fram med å setje helse, utdanning, jobbskaping, menneskerettar, godt styresett, svoltnedkjemping og likestilling i sentrum av den internasjonale innsatsen vår for gjenoppbygging etter pandemien. Samla norsk støtte til den globale covid-nedkjempinga – inkludert innsats for å motverke sosioøkonomiske konsekvensar av pandemien – er rundt 12 milliardar kroner.

Pandemien har ført til ei forverring i den globale humanitære situasjonen. Ifølgje FN treng meir enn 235 millionar menneske humanitær bistand og vern i 2021, ein auke på 40 prosent frå 2020. Derfor har regjeringa gitt ei rekordhøg humanitær støtte på 6,3 milliardar kroner for 2021.

Fattigdom og svakare skuletilbod gjer barn meir utsette for vald og overgrep. Førekomsten av barnearbeid aukar. Regjeringa vidarefører leiarrolla for utdanning i utviklingsland, og vi held fram med å prioritere innsatsen for særskilt sårbare grupper.

Noreg har auka støtta til landbruk, matsikkerheit og mat frå havet. Under FNs toppmøte om matsystem i september bidrog Noreg til styrkt engasjement for å oppnå berekraftsmål 2 om å nedkjempe svolt. Regjeringa trappar opp støtta til klimatilpassing med særleg vekt på å førebyggje klimarelaterte katastrofar og sikre matforsyninga i sårbare land. I juli 2021 sette regjeringa av 10 milliardar kroner over fem år til eit nytt fond som skal investere i fornybar energi i utviklingsland, med mål om å bidra til reduserte klimagassutslepp gjennom utfasing av kol. Fondet skal òg bidra til å mobilisere kommersiell kapital.

Høgnivåpanelet for ein berekraftig havøkonomi, leidd av statsministeren og med deltaking frå fjorten andre stats- og regjeringssjefar, la i desember 2020 fram ein handlingsplan for berekraftig havforvaltning globalt.

Frå i år skal Noreg delta i det europeiske forsvarsfondet, som skal fremje forsvarsforsking og kapabilitetsutvikling.

Gjennom EØS-midlane bidreg Noreg til sosial og økonomisk utjamning i EU, og til å fremje rettsstaten, menneskerettane og dei demokratiske verdiane. Dette er viktig i ei tid då vi opplever aukande press mot både rettsstaten og den internasjonal rettsordenen – også i Europa.

Pandemien gir auka grobotn for konflikt og skaper vanskar for partar som prøver å skape fred. Noreg har prioritert å vidareføre innsatsen vår i ei rekkje freds- og forsoningsprosessar.

Det globale nedrustings- og ikkje-spreiingsregimet for masseøydeleggingsvåpen er under press. Noreg arbeider for at dei internasjonale nedrustingsmekanismane skal fungere. Det siste året har Noreg sete i styra for både Det internasjonale atomenergibyrået (IAEA) og Organisasjonen for forbod mot kjemiske våpen (OPCW).

Nordområda er Noregs viktigaste strategiske ansvarsområde. Dette vart tydeleg understreka i nordområdemeldinga frå regjeringa. Gjennom det toårige formannskapet i Barentsrådet har Noreg fremja samarbeid og tillit over landegrensene. Saman med innsatsen for å styrkje samarbeidet i Arktisk råd er dette viktig for å sikre vidare stabilitet og fredeleg utvikling i nord.

Regjeringa har vidareført det bilaterale samarbeidet med Russland. Noreg har signert ein tilleggsprotokoll til ein avtale med Russland som bidreg til å redusere risikoen for misforståingar og ulykker til sjøs og i lufta. Sjølv om mykje av samarbeidet fungerer godt, er forholdet mellom Vesten og Russland stadig prega av den anstrengde tryggingspolitiske situasjonen i Europa og eit betydeleg verdi- og interessegap.

NATO er hjørnesteinen i norsk tryggingspolitikk. Under NATOs toppmøte i juni 2021 vart det vedteke fleire tiltak for å styrkje NATOs politiske dimensjon, gjennom NATO 2030.

Noreg har bidrege substansielt til NATOs operasjonar, misjonar og ståande styrkar, og har stilt militære styrkar til innsats i Irak, i Baltikum, i FN-operasjonar i Midtausten og i Afrika. Vi støttar òg land på Balkan og ved Svartehavet med kapasitetsbygging.

Russland kjem framleis til å vere ein dimensjonerande faktor for norsk sikkerheits- og forsvarspolitikk, samtidig som det blir viktig å følgje med på utviklinga i Kina. I tillegg er ny og banebrytande teknologi, utfordringar i det digitale domenet og det ytre rommet sentrale problemstillingar.

Styrkinga av Hæren er vidareført gjennom oppbygging av Finnmark landsforsvar. Etablering av eit jegerkompani ved grensevakta i Sør-Varanger held fram, og full operativ kapasitet blir forventa i 2022. Mekaniseringa av Brigade Nord held fram. Hæren har òg fått tilført nytt artilleri.

Luftforsvaret blir fornya vesentleg med mange nye materiellsystem. Omfordelinga av Forsvarets Bell 412-helikopter mellom Bardufoss og Rygge, i tråd med Stortinget si avgjerd om delt helikopterløysing, blir sluttført i 2021.

Den 8. juli i år signerte Noreg, i eit strategisk samarbeid med Tyskland, kontraktar for nye ubåtar og sjømålmissil.

Det blir arbeidd kontinuerleg med å ta igjen vedlikehaldsetterslep, forbetre tilgang på materiell og reservedelar i Forsvaret, og fleire avdelingar har fått auka bemanning. Cyberforsvaret styrkjer si evne til å verne IKT i Forsvaret.

Samarbeidet mellom Politiets tryggingsteneste og Etterretningstenesta er forsterka gjennom etableringa av Felles etterretnings- og kontraterrorsenter.

Regjeringa har lagt fram ei stortingsmelding med ein oppdatert nasjonal forsvarsindustriell strategi.

Pandemien har det siste året prega også Forsvaret. Fleire øvingar er blitt reduserte eller kansellerte, under dette vinterøvinga Joint Viking 2021. Forsvaret har likevel halde ved like ei operativ evne og løyst hovudoppdraga sine. Saman med allierte har Forsvaret sikra ei truverdig avskrekking og evne til å forsvare Noreg, også under pandemien.

Etter oppmoding har Forsvaret støtta sivile styresmakter med handteringa av pandemien, mellom anna gjennom Heimevernet sin bistand til politiet i samband med forsterka grensekontroll.

Regjeringa følgjer opp arbeidet med anerkjenning og varetaking av veteranar frå internasjonale operasjonar. Regjeringa har foreslått fleire lov- og forskriftsendringar for å styrkje erstatningsvernet for veteranar frå internasjonale operasjonar. Forsvarsdepartementet har sett ned eit forum for veteranforsking som innan utgangen av 2021 skal kartleggje prioriterte forskingsområde på fagfeltet.

Koronakommisjonen fremja i april i år den første rapporten sin. Den gir ein grundig gjennomgang av styresmaktene si handtering av pandemien. Rapporten har vore på offentleg høyring, og over 520 høyringsinnspel har kome inn.

Rapporten frå kommisjonen og oppfølginga er viktig for at vi skal lære av pandemien og bruke han til å styrkje beredskapen ytterlegare.

Talet på asylsøkjarar til Noreg er framleis lågt. Dette heng saman med tiltak på EUs yttergrense, europeisk samarbeid med tredjeland og reiserestriksjonar knytte til covid-19.

For å invitere til debatt om det vidare arbeidet mot barne-, ungdoms- og gjengkriminalitet la regjeringa fram ei stortingsmelding om temaet i juni 2021.

Regjeringa fremja i juni 2021 ei stortingsmelding om kriminalomsorga som foreslår fleire tiltak for å tilpasse kriminalomsorga og straffegjennomføringa til nye samfunnsvilkår.

Regjeringa har lagt fram ein handlingsplan mot vald i nære relasjonar, med ein eigen del om vald og overgrep i samiske område. Dessutan har regjeringa lagt fram ein strategi mot internettrelaterte overgrep mot barn.

Det er løyvd midlar til teknisk utstyr og til dømmande årsverk i domstolane. Tilsvarande er kapasiteten i påtalemakta styrkt. Auka kapasitet er nødvendig for å få behandla fleire alvorlege straffesaker raskare.

Ny domstolsstruktur i førsteinstans tredde i kraft våren 2021. Den nye strukturen legg godt til rette for å auke effektiviteten og fleksibiliteten i domstolane.

16. oktober 2020 la regjeringa fram Meld. St. 5 (2020–2021) Samfunnssikkerhet i en usikker verden. Det er den andre samfunnssikkerheitsmeldinga under regjeringa Solberg. I meldinga blir det fremja tiltak innanfor fleire område, samtidig som ho understrekar at dagens utfordringsbilete, med mellom anna aukande globalisering, digitalisering, klimaendringar og endringar i det tryggingspolitiske biletet, gjer førebygging viktigare i arbeidet med samfunnssikkerheit.

Eit viktig bidrag i det førebyggjande arbeidet vårt er implementering av sikkerheitslova. Alle departement har identifisert grunnleggjande nasjonale funksjonar innanfor sin sektor. Dette er ein kontinuerleg prosess som skal gjere oss i stand til å følgje samfunnsutviklinga, også innanfor førebyggjande nasjonal sikkerheit.

Det er sett i verk omfattande tiltak for å gi kompensasjon til personar som har mista jobb og inntekt i møte med koronapandemien.

Gjennom endringar i permitteringsordninga fekk arbeidsgivarar redusert lønnskostnadene sine, utan å måtte seie opp tilsette. Arbeidstakarane som blir permitterte, vart sikra inntekt gjennom å få dagpengar.

Regjeringa har òg sett i verk omfattande mellombelse endringar i regelverket for sjukepengar, omsorgspengar og arbeidsavklaringspengar. Særreglane har bidrege til at folk lettare har kunna etterleve karanteneplikta, dei har avlasta utgiftene for arbeidsgivar, og dei har sikra inntekt til arbeidstakarar, sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar for tapt inntekt som følgje av koronarelatert fråvær.

Det er viktig å hindre at tiltak verkar passiviserande når aktiviteten kan ta seg opp, noko som kan forsterke og forlengje negative konsekvensar av pandemien. Samtidig må det takast omsyn til at det er uvisse rundt tempoet i gjenopninga av samfunnet vårt.

Det har vore ei prioritert oppgåve for Arbeidstilsynet å følgje opp verksemdene med kontroll av smitteverntiltak på arbeidsplassar og avvikling av karantene.

Arbeids- og velferdsetaten (Nav) har også i 2021 fått styrkt driftsløyvinga mellombels, med 866 millionar kroner. Styrkinga går mellom anna til å betre saksbehandlingstidene, følgje opp arbeidssøkjarar, sikre godt tilgjenge ved Nav Kontaktsenter og å sikre tilbakebetaling av forskot på dagpengar i rett tid.

Krisa har særleg ramma dei med lite utdanning og svak tilknyting til arbeidslivet. Det er derfor sett inn omfattande tiltak for unge, langtidsledige og andre sårbare grupper. Inkluderingsdugnaden har blitt styrkt i 2021.

Det norske reguleringsregimet for helse, miljø og sikkerheit i petroleumsnæringa fungerer i hovudsak godt og bør vidareførast. Omstillingar og endringar i petroleumsnæringa kan påverke risikonivået. Eit framleis godt partssamarbeid, kunnskapsutvikling og eit sterkt tilsyn er ein føresetnad for framleis god utvikling. Regjeringa sin ambisjon om at norsk petroleumsverksemd skal vere verdsleiande på HMS, ligg fast.

Eit partssamansett utval har vurdert utfordringar i arbeidslivet i framtida og behovet for tydelegare reguleringar i arbeidsmiljølova. Utvalet leverte si utgreiing 23. juni. Utgreiinga er send på høyring med frist 1. november.

I tillegg til midlar til kommunesektoren for å motverke konsekvensane av pandemien og smitteverntiltaka, har regjeringa løyvd midlar til digitalisering og tiltak for å bidra til auka sosial og fagleg læring. Det er òg løyvd midlar til sommarskule for elevar i grunnskulen.

Regjeringa har lagt fram ein ny strategi for arbeid med kvalitet i barnehagane mot 2030. Strategien peiker ut ambisjonane regjeringa har for barnehagesektoren i åra fram mot 2030.

Vidare har regjeringa innført eit nytt kapittel i barnehagelova med krav til korleis barnehagen skal sikre at barna har eit trygt og godt psykososialt barnehagemiljø. Regjeringa har sendt på høyring eit forslag til endring i barnehagelova om krav til rekneskapsmessig skilje for private barnehagar som driv fleire barnehagar i same verksemd eller konsern, for å sikre eit godt tilsyn og openheit om økonomien til dei private barnehagane.

Regjeringa si satsing på SFO støttar opp om kvalitet og innhald i tilbodet gjennom ein ny nasjonal rammeplan for SFO, og gir redusert foreldrebetaling for familiar med låg inntekt.

Arbeidet mot mobbing er eit høgt prioritert område for regjeringa. I mars signerte regjeringa og 14 organisasjonar ein fornya avtale om partnarskap mot mobbing.

Som oppfølging av stortingsmeldinga Tett på – tidlig innsats er det gjennomført endringar i velferdstenestelovgivinga for å styrkje oppfølginga av utsette barn og unge og familiane deira gjennom meir samarbeid mellom velferdstenestene.

Regjeringa si satsing på kompetanseutvikling for lærarar i barnehage og skule held fram. Regjeringa har utnemnt eit offentleg utval som skal vurdere og foreslå ulike modellar for etter- og vidareutdanning.

Regjeringa har lansert ein ny handlingsplan for digitalisering i grunnopplæringa, for å gjere skulane betre til å utnytte moglegheitene som digitale ressursar gir.

Opplæringslova regulerer skulekvardagen til over 850 000 barn, unge og vaksne og arbeidsdagen til over 100 000 lærarar og andre som jobbar i skulen. På bakgrunn av NOU 2019: 23 er forslag om ny opplæringslov send på høyring.

Regjeringa har vedteke nasjonale reglar om fritt skuleval for vidaregåande skular, som inneber at fylkeskommunane anten må ha fritt skuleval i heile fylket eller fritt skuleval innanfor fastsette inntaksområde.

Stortinget har med breitt fleirtal vedteke Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen. Med fullføringsreforma vil regjeringa leggje til rette for at fleire skal fullføre og bestå.

Dei siste åra har det vore ein historisk vekst i talet på nye studieplassar i høgare yrkesfagleg utdanning. Regjeringa la før sommaren fram ein ny strategi for fagskulane som skal bidra til auka kvalitet.

Stortinget har vedteke å presisere krav til kunnskapsgrunnlaget i fagskuleutdanninga, og å fjerne avgrensinga i minstelengda for fagskuleutdanning.

For å bidra til auka kvalitet i høgare utdanning har regjeringa lagt fram tre nye stortingsmeldingar om høvesvis auka internasjonal studentmobilitet, auka arbeidslivsrelevans og om styring av dei statlege universiteta og høgskulane.

Før sommaren la regjeringa fram ein strategi som skal auke omfanget av desentralisert og fleksibel utdanning av høg kvalitet. Ambisjonen er at utdanning er tilgjengeleg for alle, uavhengig av kvar dei bur, og kva livssituasjonen dei er i.

Regjeringa har utnemnt eit utval som skal vurdere regelverket for opptak til høgare utdanning, og lagt fram ein strategi for forskarrekruttering og karrierevegar i akademia.

Noreg vil delta i EUs program for forsking og innovasjon (Horisont Europa) og EUs program for utdanning, opplæring, ungdom og idrett (Erasmus+) i perioden 2021–2027, og har lagt fram strategiar for norsk deltaking. Regjeringa har òg lagt fram ein strategi for samarbeidet med Brasil, Canada, India, Japan, Kina, Russland, Sør-Afrika, Sør-Korea og USA om forsking og høgare utdanning (2021–2027).

Regjeringa etablerte Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) 1. juli 2021. Direktoratet er eit resultat av samanslåing av Diku, Kompetanse Norge, Universell og delar av Unit og NSD. Det vil òg få oppgåver frå NOKUT.

Det nye veterinærbygget på Ås er ferdig oppført i 2021.

Stortinget har vedteke endringar i universitets- og høgskulelova. Endringane gjeld mellom anna formålet og verkeområdet i lova, godkjenning av utdanning og realkompetanse, opptak, eksamen og sensur, fusk, studentrepresentasjon, læringsmiljø, politiattest, tilsetjingar og styringa og leiinga i institusjonane.

1. juli 2021 sende regjeringa på høyring endringar i universitets- og høgskulelova som mellom anna gjeld studentane sin rett til permisjon, og som tydeleggjer føresegna om læringsmiljø og tilretteleggingsplikta institusjonane har overfor studentar med funksjonsnedsetjing eller andre særskilde behov.

Regjeringa har sett ned ei eiga ekspertgruppe som skal sjå på den akademiske ytringsfridommen i Noreg.

Koronakrisa førte til ein vanskeleg arbeidsmarknad for mange, også studentar. Regjeringa har derfor i to rundar gitt studentar som har mista deltidsinntekt ved sida av studia, moglegheit til å søkje eit tilleggslån med stipendandel i Lånekassen. I tillegg løyvde regjeringa midlar til studentsamskipnader, fagskular, høgskular og universitet til fleire sosiale lågterskeltilbod for studentar, betre psykiske helsetilbod og pengar til å lønne studentar for å drive fagleg og sosial oppfølging av studentar.

Personar med innvandrarbakgrunn har vore overrepresenterte blant dei med påvist smitte og covid-19-relaterte innleggingar gjennom heile pandemien. Regjeringa har sett i verk ei rekkje tiltak retta mot innvandrarbefolkninga, mellom anna for å nå betre ut med informasjon. To hurtigarbeidande ekspertgrupper har vore nedsette, og tilrådingane er i det store og heile følgde opp eller påbyrja. Gjennom tre integreringspakkar har regjeringa styrkt opplæringstilbodet for flyktningar og andre innvandrarar som nyleg har kome til landet.

9. juni 2021 lanserte regjeringa ein strategi for kvardagsintegrering som skal bidra til at personar med innvandrarbakgrunn i større grad deltek i sivilsamfunnet, og som skal løfte og støtte innsatsen i sivilsamfunnet for integrering.

Å førebyggje negativ sosial kontroll og æresrelatert vald er høgt prioritert av regjeringa. Det er behov for både å vidareutvikle og styrkje innsatsen på feltet, og 15. juni 2021 vart ny handlingsplan, Frihet fra negativ sosial kontroll og æresrelatert vold (2021–2024), lansert.

Sjukehusbudsjettet er særleg styrkt i 2021 for å kompensere for auka kostnader til beredskap og smittevern som følgje av pandemien.

Den ekstraordinære driftssituasjonen i 2021 har ført til ønskt utvikling innanfor enkelte område. Eit døme på dette er auken i bruk av video- og telefonkonsultasjonar.

Regjeringa har arbeidd for å sikre at befolkninga har tilgang til legemiddel under covid-19. Det er inngått avtalar og bygd opp omfattande beredskapslager av forsyningskritiske legemiddel. Det blir no greidd ut korleis beredskapslageret best kan innrettast.

Det er bygd opp eit nasjonalt lager av smittevernutstyr, og regjeringa vil foreslå ei permanent innretning også for dette lageret.

Covid-19-pandemien har vist at vi er avhengige av internasjonalt samarbeid, mellom anna for tilgang til legemiddel. Regjeringa arbeider for norsk deltaking i EUs styrkte helseberedskapssamarbeid for å vere betre rusta til å møte noverande og framtidige helsekriser.

Pandemien har ramma skeivt. Mange av dei som var sårbare før pandemien, har blitt hardast ramma. I mars 2021 sette regjeringa ned ei ekspertgruppe som såg på kva konsekvensar pandemien har hatt for folks psykiske helse, livskvalitet og rusmiddelbruk. Regjeringa har seinare foreslått konkrete tiltak for kvar innsatsen bør styrkjast.

Gjennom pandemien har regjeringa sett i verk ei rekkje tiltak for å redusere dei negative konsekvensane av smitteverntiltaka for helsa og livskvaliteten til befolkninga. 10. november 2020 la regjeringa fram ein tiltakspakke på 158 millionar kroner for 2021-budsjettet, retta mot sårbare grupper og menneske som er ramma av einsemd og isolasjon. 29. januar vart det lagt fram endå ein tiltakspakke for barn og unge og studentar, med tiltak til 2,2 milliardar kroner. I revidert nasjonalbudsjett for 2021 vart det løyvd ytterlegare 750 millionar kroner for å styrkje psykisk helse- og rusarbeid.

Etter ein betydeleg auke i smittetilfelle og sjukehusinnlagde frå hausten 2020 var det i vår lågare spreiing av koronaviruset. Gjenopninga av samfunnet har skjedd kontrollert og etter gjenopningsplanen til regjeringa, som vart lagd fram 7. april. I gjenopninga er barn og unge prioriterte først, deretter arbeidsplassar og næringsliv.

Aukande vaksinasjonsgrad, kontroll på importsmitte og handtering av smitteutbrot gjennom TISK-arbeidet i kommunane har vore viktige element i planen. Den betydelege auken i smitte i sommar har ikkje medført ein tilsvarande auke i innleggingar og dødsfall, noko som kjem av vaksineringa. Alle over 16 år har no fått tilbod om vaksine. Vaksinasjonen av unge mellom 12 og 18 år har no kome så langt at det er liten risiko for at pandemien skal kome ut av kontroll og true kapasiteten i helsestenesta.

Laurdag 25. september gjekk Noreg over til ein normal kvardag med auka beredskap. Då vart alle restriksjonar innanlands, med unntak av kravet om å gå i isolasjon dersom du er sjuk, fjerna. Lokale koronautbrot skal framleis kunne handterast i tett samarbeid med Folkehelseinstituttet. Beredskapen i kommunane, fylka og helseforetaka vil framleis vere høg.

Per 31. august 2021 er det totalt registrert 822 covid-19-assosierte dødsfall.

Deltaking i EUs vaksineinnkjøpssamarbeid har sikra tilgang til koronavaksinar. Kommunane har gjennomført vaksinasjon av befolkninga gjennom koronavaksineprogrammet.

Det er etablert eit koronasertifikat til bruk i Noreg for å lette moglegheiter for trygg ferdsel over landegrensene.

Regjeringa følgjer opp Meld. St. 15 (2017–2018) Leve hele livet – En kvalitetsreform for eldre. Gjennomføring av meldinga er avhengig av ei rekkje nye strategiar og planar som er gjeldande frå 2020–2021.

Regjeringa har lagt fram ein ny plan for kompetanse, rekruttering og fagutvikling i den kommunale helse- og omsorgstenesta og den fylkeskommunale tannhelsetenesta, Kompetanseløft 2025.

Regjeringa har lagt fram Demensplan 2025 som skal bidra til å skape eit meir demensvennleg samfunn og forbetre tenestetilbodet til personar med demens og deira pårørande.

I desember 2020 la regjeringa fram ein samla pårørandestrategi og handlingsplan. Det er viktig at pårørande får den støtta og avlastinga dei treng, slik at dei kan fullføre utdanning, stå i jobb og leve gode liv.

Regjeringa har lagt fram ein nasjonal strategi for godt kosthald og ernæring hos eldre i sjukeheimar og dei som får heimetenester. Strategien skal bidra til å skape gode måltidsopplevingar og redusere feil- og underernæring hos eldre.

Vidare har regjeringa lansert sikkerheitsstandard i sjukeheimar, eit leiarverktøy for systematisk arbeid med forbetring av kvalitet og sikkerheit.

Regjeringa har lagt fram ein nasjonal alkoholstrategi (2021–2025) der hovudlinjene i alkoholpolitikken blir vidareførte, og der det blir foreslått tiltak for å redusere skadeleg alkoholforbruk.

Regjeringa har lagt fram forslag til ei rusreform, med endringar i mellom anna straffelova og helse- og omsorgstenestelova. Reaksjonar mot personar som blir tekne for bruk og innehaving av narkotika til eigen bruk, skulle endrast frå straff til hjelp, behandling og oppfølging. Forslaget fekk ikkje fleirtal i Stortinget.

I samarbeid med KS og eit utval kommunar har regjeringa byrja arbeidet med å førebu realisering av felles kommunal journal for kommunar utanfor helseregionen Midt-Noreg. Målet er tryggare og betre helse- og omsorgstenester og ein enklare arbeidskvardag for helsetilsette.

Regjeringa har styrkt arbeidet med nasjonale e-helseløysingar, som kjernejournal, helsenoreg.no, e-resept og grunndata. Dessutan har regjeringa starta arbeidet med å etablere ei nasjonal teneste for deling av laboratorie- og radiologisvar, og sett i gang eit arbeid med å greie ut korleis vi skal arbeide vidare for å styrkje den digitale samhandlinga.

Regjeringa har sendt på høyring forslag til endringar i lov og forskrift for tilgjengeleggjering av og betaling for nasjonale e-helseløysingar. Med lovforslaget blir det lagt til rette for digitalisering i helse- og omsorgssektoren og betre samhandlingsevne.

Regjeringa vil gjere helsedata lettare tilgjengelege for forsking og analyse og har starta arbeidet med å byggje Helseanalyseplattforma. Vidare har regjeringa vedteke at Helsedataservice, som er førstelinjetenesta for tilgang til helsedata, skal liggje på Tynset.

I januar lanserte regjeringa den første nasjonale handlingsplanen for kliniske studium. Målet om å doble talet på kliniske studium innan 2025 vil gi mange fleire pasientar moglegheit til å kunne delta i kliniske studium. Visjonen er at klinisk forsking skal vere ein integrert del av pasientars behandlingstilbod.

Regjeringa følgjer opp Opptrappingsplan for barn og unges psykiske helse (2019–2024). I 2021 er det løyvd 170 millionar kroner til tiltak i planen.

Regjeringa har lagt fram ei stortingsmelding om prinsipp for prioritering i helse- og omsorgstenesta, Meld. St. 38 (2020–2021) Nytte, ressurs og alvorlighet – Prioritering i helse- og omsorgstjenesten. Meldinga er ei oppfølging av NOU 2018: 16 Det viktigste først (Blankholm-utvalet).

I dei ulike tiltakspakkane har regjeringa heile tida vurdert behov for og føreslått kompenserande tiltak for barn og unge. Nasjonal tilskotsordning for å inkludere barn og unge er for 2021 auka med over 100 millionar kroner. Auken skal bidra til betre ferie- og fritidstilbod til barn og unge under pandemien.

Innsatsen mot vald og overgrep er styrkt. Samla satsing på opptrappingsplanen mot vald og overgrep i planperioden er no i overkant av 1,1 milliardar kroner. Innsatsen mot vald og overgrep vart auka i 2021.

Nasjonal tilskotsordning for å inkludere barn og unge er for 2021 auka med over 100 millionar kroner. Auken skal bidra til betre ferie- og fritidstilbod til barn og unge under pandemien.

Hausten 2020 la regjeringa fram strategien Like muligheter i oppveksten – regjeringens samarbeidsstrategi for barn og ungdom i lavinntektsfamilier (2020–2023). Målet er å førebyggje at fattigdom og utanforskap går i arv.

Hausten 2021 la regjeringa fram Rett på nett – nasjonal strategi for trygg digital oppvekst. Strategien omfattar mellom anna korleis barn og unge skal medverke til arbeidet, korleis foreldre og vaksne som jobbar med barn skal få betre kompetanse, og korleis ein skal sikre person- og forbrukarvernet for barn og unge.

Etter forslag frå regjeringa har Stortinget vedteke endringar i folketrygdlova om at foreldra fritt kan utsetje foreldrepengar fram til barnet fyller tre år. Dette skal gjere foreldrepengeordninga enklare og meir tilpassa dei behova familiane har.

Stortinget har vedteke forslag frå regjeringa om endringar i ekteskapslova. Forslaget inneber at ekteskap som er inngått etter utanlandsk rett, som hovudregel ikkje skal anerkjennast, dersom éin eller begge partar var under 18 år då dei gifta seg. Formålet er å verne barn som kjem til Noreg mot å bli rekna som gifte her.

Etter forslag frå regjeringa vedtok Stortinget i juni openheitslova. Lova skal fremje verksemders respekt for grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidsforhold i produksjonen av varer og leveringa av tenester. Lova er eit viktig verkemiddel i kampen mot menneskehandel.

Stortinget vedtok i juni etter forslag frå regjeringa endringar i marknadsføringslova som inneber at annonsørar i både bilete og i levande framstillingar får plikt til å merkje reklame der kroppsfasong,  storleik eller hud er endra ved retusjering eller anna manipulering.

Regjeringa la i juni fram eit forslag om å lovfeste at barnevernstenesta skal vurdere behovet for tverrfagleg helsekartlegging av barn som skal flyttast ut av heimen. Helsekartlegging skal bidra til at barn og unge som blir flytta ut av heimen, får betre omsorg, hjelp og oppfølging.

Auka løyvingar til kyrkjebygg har gitt kommunane viktige tilskot til innsatsen for å sikre bygga mot ròte og brann.

Etter forslag frå regjeringa vedtok Stortinget i juni ny lov om Opplysningsvesenets fond. Lova legg det rettslege grunnlaget for å dele verdiane i fondet mellom staten og Den norske kyrkja.

Rapporten for 2019 frå Det internasjonale naturpanelet dokumenterer omfattande negative endringar i miljøet på land og i havet. Naturpanelet seier at det må radikale endringar til for å snu den negative utviklinga. Regjeringa gjennomfører fleire tiltak for å ta vare på trua natur og aukar vernet av skog, hav og annan verdifull natur etter naturmangfaldslova. Sidan oktober 2020 er det verna 74 skogområde. Over 5 prosent av all skog i Noreg er no verna.

Regjeringa har i 2021 lagt fram Naturstrategi for våtmark, som er ein heilskapleg strategi på tvers av sektorar for berekraftig bruk av økosystemet våtmark. Regjeringa har òg lagt fram Helhetlig tiltaksplan for en ren og rik Oslofjord med et aktivt friluftsliv, som slår fast regjeringa sine viktigaste prioriteringar for Oslofjorden fram mot 2026, og Tiltaksplan for ville pollinerende insekter, som lanserer 24 tiltak for å sikre levedyktige bestandar av ville, pollinerande insekt fram mot 2028. Vidare har regjeringa gitt tilslutninga si til ein oppfølgingsplan for trua natur, som slår fast tiltak og verkemiddelbruk for å betre statusen for 23 artar og 12 naturtypar.

Regjeringa har lagt fram ein omfattande og grundig nasjonal strategi for sirkulær økonomi. Strategien skal bidra både til auka berekraft, auka verdiskaping og arbeidsplassar for norsk næringsliv.

Regjeringa vil prioritere arbeidet med å verne viktige område for marin natur og la i april fram ei melding til Stortinget med ein heilskapleg nasjonal plan for dette. I juni vart Van Mijenfjorden verna for å vareta isavhengige artar på Svalbard.

Vidare følgjer regjeringa opp nye nasjonale mål for kulturmiljøfeltet ved mellom anna å setje i gang arbeidet med nye bevaringsstrategiar og forslag til ny kulturmiljølov.

USA, Storbritannia og Noreg har fått med ei rekkje av dei største selskapa i verda på å betale skogland for redusert avskoging. Medan utviklinga har gått feil veg i Brasil, har Indonesia dei siste fire åra redusert avskoginga kraftig.

I 2020 tok Olje- og energidepartementet imot utbyggingsplanar for tre nye olje- og gassprosjekt. Per august 2021 hadde departementet motteke tre utbyggingsplanar.

I 2020-runden av tildeling av førehandsdefinerte område vart det tildelt 61 utvinningsløyve til 30 oljeselskap. I 25. konsesjonsrunde vart det tildelt fire utvinningsløyve til sju oljeselskap.

Petroleumsinvesteringane var på om lag 155 milliardar kroner i 2020 og er venta å gå ned i 2021 og dei næraste åra. For å halde oppe aktivitetsnivået på mellomlang sikt er det nødvendig å gjere nye funn og å identifisere fleire tiltak for auka utvinning på eksisterande felt.

Samla produksjon i 2020 var rundt 3,9 millionar fat oljeekvivalentar per dag, noko som var ein svak auke samanlikna med året før. Det blir anslått at samla produksjon aukar fram mot 2024. Noreg dekkjer mellom 20 og 25 prosent av EUs gassforbruk og bidreg i overgangen til eit fornybart lågutsleppssamfunn i Europa. Det er 91 felt i produksjon, og ytterlegare 16 prosjekt er under utbygging over heile sokkelen.

Olje- og gassnæringa kjem framleis til å spele ei viktig rolle i norsk økonomi i overskodeleg framtid og gi eit betydeleg bidrag til framtidig finansiering av det norske velferdssamfunnet. Dei samla petroleumsinntektene til staten blir anslått til om lag 155 milliardar kroner i 2021, tilsvarande om lag 13,5 prosent av statens samla inntekter.

Leverandørindustrien til petroleumssektoren er Noregs nest største næring, etter sal av olje og gass, og skaper svært mange arbeidsplassar og lokal næringsutvikling i alle fylke i landet. Om lag 30 prosent av omsetninga til leverandørindustrien kjem frå internasjonale marknader. Covid-19-pandemien og det samtidige oljeprisfallet har ramma den internasjonale leverandørindustrien hardt. For å unngå at nye utbyggingsprosjekt på norsk sokkel vart utsette av selskapa, med tilhøyrande svikt i marknadsmoglegheitene for leverandørindustrien, vedtok Stortinget mellombelse endringar i petroleumsskatten. Det har til no ikkje blitt stans i planlegginga av nye utbyggingar og prosjekt på norsk sokkel. Prosjekta inneber potensial for oppdrag til leverandørindustrien.

Gjennomsnittleg kraftpris for 2020 var på 9,7 øre/kWh. Dette er over 28 øre lågare enn i 2019. Vi må tilbake til år 2000 for å finne ein årspris på liknande nivå. Så langt i 2021 har gjennomsnittleg kraftpris vore 48 øre/kWh (veke 37), noko som hovudsakleg kjem av tørt vêr og stigande prisar på gass, kol og CO2-kvotar.

I 2020 enda kraftproduksjonen på 154,2 TWh. Dette er ny produksjonsrekord og om lag 10 TWh over gjennomsnittet dei siste fem åra. Kraftforbruket gjekk ned med 0,8 TWh frå 2019 og enda på 133,7 TWh. Noreg hadde ein rekordhøg nettoeksport på 20,5 TWh i 2020. Så langt i år har Noreg hatt ein nettoeksport på 10,8 TWh (veke 34).

Eit nytt straumsamband mellom Noreg og Tyskland vart sett i drift i desember 2020. I vår vart også sambandet mellom Noreg og Storbritannia ferdig bygd, og det skal etter planen setjast i drift hausten 2021. Kraftutveksling med andre land gjer det mogleg å dra gjensidig nytte av forskjellar i naturressursar, produksjonssystem og forbruksmønster.

Regjeringa har som mål at Noreg skal vere ein leiande havnasjon. Norsk fiskeri- og havbruksnæring er ei lønnsam, berekraftig og viktig næring for Noreg med produksjon av mat som verda treng. Regjeringa sin havpolitikk skal bidra til å utløyse potensialet for størst mogleg samla verdiskaping i dei eksisterande havnæringane, innanfor berekraftige rammer. Regjeringa vil òg leggje til rette for at nye havnæringar kan utviklast og vekse. Som ein del av berekraftig forvaltning av dei marine ressursane våre, blir det sett i verk ein heilt ny og smartare ressurskontroll basert på bruk av ny teknologi.

Fiskeriavtalar med andre kyststatar er ein svært viktig del av ei langsiktig berekraftig forvaltning av fiskeribestandane, og det blir jobba kontinuerleg for å forbetre desse.

Frå 1. juli 2021 blir eksportfinansieringsordningane forvalta av Eksportfinansiering Noreg (Eksfin) etter samanslåing av GIEK og Eksportkreditt Noreg. Regjeringa er oppteken av å gå saman med næringslivet for å sjå moglegheitene for å auke eksporten frå Noreg. Derfor har regjeringa teke initiativ til samarbeid om strategiske eksportsatsingar gjennom Eksportstrategirådet. I statsbudsjettet for 2021 er det løyvd 75 millionar kroner til strategiske eksportsatsingar gjennom Eksportstrategirådet, jf. revidert nasjonalbudsjett 2021.

Regjeringa prioriterer EU-program høgt og har foreslått at Noreg skal delta i ei rekkje program av betydning for norsk næringsliv i den neste programperioden, som går frå 2021 til 2027.

Det grøne skiftet er svært viktig for norsk næringsliv og er derfor ein vesentleg dimensjon i forvaltninga av statens eigarskap i selskap. I statens eigarrapport for 2020, utgitt i juni 2021, var det for første gong inkludert informasjon om klimagassutslepp på selskapsnivå. Vidare var Bærekraftig verdiskaping – verden mot netto null i 2050 tema for eigarskapskonferansen.

Sidan brexit i 2016 har norske borgarar og norsk næringsliv stått i ein uføreseieleg situasjon. I juni 2021 kom Noreg i mål med forhandlingane om ein omfattande frihandelsavtale med Storbritannia. Frihandelsavtalen sikrar at norske bedrifter får minst like god tilgang til den britiske marknaden som EU-landa. Avtalen sørgjer for at Noreg og norsk næringsliv framleis har moglegheita til å halde ved like og konkurrere om marknadsdelar i ein av dei viktigaste eksportmarknadene våre.

Regjeringa er oppteken av å betre bruken av ressursar i samfunnet, og at offentlege reguleringar skal styrkje konkurransekrafta til norsk næringsliv. Sidan 2018 er det gjennomført forenklingstiltak som anslagsvis gir gevinstar for næringslivet på om lag 11 milliardar kroner årleg. Regjeringa sitt mål på 10 milliardar kroner er dermed overoppfylt.

Regjeringa har inngått ein femårig avtale med  Statistisk sentralbyrå (SSB) som inneber at SSB skal lage ny og forbetra grensehandelsstatistikk.

Regjeringa har sett i verk ei rekkje tiltak for at norsk næringsliv framleis skal satse på forsking, innovasjon og grøn omstilling, trass i det økonomiske tilbakeslaget etter virusutbrotet. Verkemiddelaktørane har omstilt seg raskt for å hjelpe bedriftene.

Bedrifter innanfor reiselivs-, serverings- og eventbransjane er blant dei som har opplevd størst nedgang i aktiviteten sin under pandemien. Mange tilsette er blitt permitterte som følgje av reiserestriksjonar, avlyste arrangement og nedstengt uteliv.

Tilskotsordninga for bedriftsutvikling i reiselivs-, event- og serveringsnæringane (omstillingsordninga) skal gi tilgang til likviditet slik at dei kan gjennomføre omstillingsprosjekt for å tilpasse seg til smitteverntiltak og endringar i marknadene som følgje av koronapandemien. Sidan mars 2020 har Stortinget løyvd 1,6 milliardar kroner til ordninga. Alle midlane er lyste ut. Ramma for ordninga var i 2020 på 250 millionar kroner. I 2021 er ramma totalt 1,35 milliardar kroner.

Kommunane har gjort ein heilt avgjerande innsats i handteringa av koronapandemien. Dei har sørgt for vern av befolkninga gjennom smitteverntiltak og vaksinasjon, samtidig som kommunale tenester er leverte under nye og krevjande omstende.

I 2020 fekk kommunesektoren om lag 18 milliardar kroner i ekstraløyvingar grunngitt i koronapandemien, og av desse var 12 milliardar kroner kompensasjon for meirutgifter og mindreinntekter. Staten og KS er samde om at kommunesektoren er godt kompensert for dei økonomiske konsekvensane av pandemien i 2020. I 2021 er det så langt løyvd meir enn 23 milliardar kroner ekstra til kommunesektoren som følgje av pandemien.

For å bøte på situasjonen for mange verksemder som er særleg hardt ramma av lokale eller nasjonale smitteverntiltak, har Stortinget løyvd til saman 3,05 milliardar kroner via kommunane. Dette er midlar som kjem i tillegg til nasjonale kompensasjonsordningar. Kommunane har stort handlingsrom i innretninga av midlane og jobbar for å få midlane raskt ut til lokale verksemder.

Den ordinære kommuneøkonomien er styrkt også i 2021. I RNB er veksten i dei frie inntektene til kommunesektoren i 2021 anslått til 5,9 milliardar kroner.

Kommunane er den viktigaste planmyndigheita og skal vere ein pådrivar for samfunnsutviklinga. Samfunns- og arealplanlegging etter plan- og bygningslova er ein av nøklane til berekraftig utvikling i heile landet og for at Noreg skal nå berekraftsmåla innan 2030.

Regjeringa legg vekt på at samfunnssikkerheit og klimatilpassing blir eit gjennomgåande tema frå plansak til utbygging. Samordna areal- og transportplanlegging og planlegging for ei klimavennleg by- og tettstadsutvikling i heile landet er effektive verkemiddel i arbeidet med å motverke klimaendringar. Regjeringa held fram med å prioritere digitalisering av det geografiske kunnskapsgrunnlaget og av plan- og byggjesakprosessar. Regjeringa bidreg òg til forenkling og tydeleggjering av regelverket for plan- og byggjeprosessar for å få meir effektive prosessar for bygging av bustader, infrastruktur og næringsområde.

Arbeidet med byggjetrinn 1 i det nye regjeringskvartalet er sett i gang. Dette omfattar mellom anna rehabilitering av H-blokka og dei nye bygga A og D.

Regjeringa har lagt fram ein ny nasjonal strategi for den sosiale bustadpolitikken Alle trenger et trygt hjem (2021–2024). Strategien forsterkar innsatsen for dei som ikkje klarer seg sjølv på bustadmarknaden. Ei ekspertgruppe går gjennom bustøtteordninga.

Regjeringa er oppteken av at alle skal få delta aktivt i dei demokratiske avgjerdsprosessane. Etter at Stortinget i juni vedtok eit nytt kapittel om konsultasjonar i samelova, har regjeringa starta arbeidet med å gjennomføre dei nye lovreglane. Det er utarbeidd ein eigen rettleiar for kommunane om korleis konsultasjonar med samiske interesser kan gjennomførast.

I januar la regjeringa fram ein oppdatert og fornya handlingsplan mot antisemittisme, og held fram arbeidet med å følgje opp tiltaka i planen.

Strategien Digital hele livet legg vekt på korleis Noreg skal motverke digital utanforskap. Alle innbyggjarar skal kunne meistre digitale verktøy, slik at dei lett kan få tilgang på offentlege tenester og ytingar dei har rett på.

Stortingsmeldinga Data som ressurs understrekar kor viktig dataøkonomien er for vidare økonomisk vekst og auka sysselsetjing i Noreg. Ei betre utnytting av data er viktig om Noreg skal lykkast i overgangen til eit meir berekraftig samfunn og ein grønare økonomi. Ein oppdatert datasenterstrategi har fleire nye tiltak som skal bidra til at Noreg er eit attraktivt land å investere i for datasenter og anna databasert næringsliv.

Det er fremja ein eigen proposisjon om endringar i ekomlova som innfører ei plikt til å lagre IP-adresser. Dette gir politiet eit viktig verktøy for å kunne etterforske alvorleg kriminalitet.

Stortinget behandla i juni meldinga om Nasjonal transportplan 2022–2033. Planen skal bidra til eit effektivt, miljøvennleg og trygt transportsystem i heile landet. For å få betre bruk av midlane frå fellesskapet blir det lagt vekt på å optimalisere ressursbruken og innføre porteføljestyring i heile sektoren.

Regjeringa legg nullvisjonen om eit transportsystem der ingen blir drepne eller hardt skadde, til grunn for arbeidet sitt. I perioden 2010–2020 hadde vi Europas største reduksjon i trafikkdrepne med 55 prosent. Med 93 trafikkdrepne i 2020 kom vi for første gong i moderne tid under 100 drepne i vegtrafikken, som er det lågaste talet sidan andre verdskrigen. Auken i hardt skadde på om lag 10 prosent viser likevel at det er behov for å forsterke innsatsen i trafikksikkerheitsarbeidet.

Fleire veganlegg har opna for trafikk. Skredsikringsprosjektet rv. 13 Vik–Vangsnes vart offisielt opna i januar 2021, medan ny E6 i Soknedal i Trøndelag vart offisielt opna i oktober 2020. I juni 2021 opna E18 Varoddbrua i Agder. Nye veier AS har bygd ut strekninga Brumunddal–Moelv, som opna hausten 2020.

Mange brukar ferje i kvardagen. Også næringslivet er avhengig av eit godt ferjetilbod. Det er løyvd midlar slik at takstane for riks- og fylkesvegferjesamband kan reduserast med 25 prosent i andre halvår 2021.

Bompengebelastninga er redusert mellom anna gjennom nedlegging av bomstasjonar, tilskotsordning for reduserte takstar utanfor byområda og auka statlege andelar i prosjekt. For dei fire største byområda blir ordninga med statleg finansieringsandel på 50 prosent for store kollektivprosjekt vidareført. I tillegg er det for desse byområda i 2021 sett av om lag 925 millionar kroner til auka statleg tilskot frå 50 til 66 prosent for store kollektiveprosjekt.

Vidare arbeider regjeringa for ein samordna areal- og transportpolitikk i byområda, og det vidareutvikla nullvekstmålet seier at i byområda skal klimagassutslepp, kø, luftforureining og støy reduserast gjennom effektiv arealbruk og ved at veksten i persontransporten blir dekt med kollektivtilbod, sykkel og gonge. I 2020 vart det inngått byvekstavtale også for Oslo-området, slik at alle dei fire største byområda no har byvekstavtalar.

Regjeringa har styrkt reguleringa av jernbanen slik at det ligg betre til rette for velfungerande jernbanemarknader. Gjennomføring av EUs fjerde jernbanepakke gir eit rammeverk for ei vidare satsing på jernbanen innanfor EØS-samarbeidet. For å leggje til rette for open og rettferdig konkurranse om vedlikehald av jernbanen, er Spordrift AS skilt ut frå Bane NOR SF og eigarskapen overført til staten ved Samferdselsdepartementet. Regjeringa har vedteke å overføre fellesprosjektet Ringeriksbanen og E16 Høgkastet–Hønefoss til Nye veier AS.

Kystverket er frå 1. januar 2021 omorganisert og er no organisert etter funksjonar med fire verksemdsområde. Dette vil styrkje Kystverket som ein kostnadseffektiv etat med robuste fagmiljø og gjere etaten rusta til å møte framtidige utfordringar og krav.

Nedstenginga av Noreg og innføringa av omfattande smitteverntiltak som følgje av utbrotet av covid-19 har tidvis medført kapasitetsutfordringar og til dels kritisk inntektssvikt i luftfarten, for tilbydarar av kollektivtransport og drosje. Den samfunnskritiske transporten har likevel vore halden i gang gjennom ulike administrative, regulatoriske og økonomiske tiltak, slik som statleg kjøp av transporttenester og gjennomføring av nødvendige unntak frå innreise- og karantenereglar for kritisk personell.

Luftfarten er ein bransje som er hardt ramma på grunn av pandemien. Regjeringa har gjennom ei rekkje ulike verkemiddel bidrege til at norsk luftfart har fungert godt gjennom pandemien. Flysikkerheita er framleis god, det er verksam flykonkurranse i Noreg, og flytilbodet er godt. Staten har mellombels kjøpt regionale flyruter for å sikre eit minstetilbod som ikkje blir dekt av marknaden sjølv.

Ei rekkje kultur-, frivilligheits- og idrettsarrangement er blitt heilt eller delvis avlyste som følgje av smittevernrestriksjonar i møte med virusutbrotet. For å avgrense dei økonomiske skadeverknadene og stimulere til at arrangement blir haldne der det har vore mogleg, har regjeringa i 2021 vidareført kompensasjons- og stimuleringsordningar for kultur, idrett og frivilligheit.

Regjeringa har lagt fram forslag til ei ny pengespelov. Lova skal erstatte tre eksisterande lover og inneber at pengespelfeltet vil bli regulert av eit oppdatert og heilskapleg lovverk.

Etter samtykke frå Stortinget har regjeringa ratifisert Marrakech-traktaten og innført nasjonale reglar som skal gi betre tilgang til litteratur i tilgjengelege format for personar som er blinde, har nedsett synsevne eller andre funksjonsnedsetjingar som gjer lesing vanskeleg.

I juni la regjeringa fram ein ny handlingsplan om kjønns- og seksualitetsmangfald.

Regjeringa har nedsett eit offentleg utval som skal greie ut korleis vi kan sikre eit samfunn som gir rom for mangfald og det å vere annleis. Likeverds- og mangfaldsutvalet er ein del av regjeringa si likeverdsreform og skal foreslå tiltak som kan bidra til likestilling og demokratisk deltaking for personar med funksjonsnedsetjing.

Det er lagt fram ei stortingsmelding om museumssektoren: Meld. St. 23 (2021–2021) Musea i samfunnet. Tillit, ting og tid.

Nybygget til Nasjonalmuseet er ferdigstilt.

I mars la regjeringa fram ei historisk melding om barne- og ungdomskultur som eit samla politisk satsingsområde på nasjonalt nivå, som også omfattar kulturskulen.

Regjeringa har lagt fram ein strategi om scenekunst. Vidare har regjeringa lagt fram ein ny handlingsplan for universell utforming, og ho har lansert ein strategi for ein meir likestilt utdannings- og arbeidsmarknad.

Regjeringa har sett ned eit offentleg utval som skal greie ut tilgangen til norsk teiknspråk. NOU-en skal leverast til Kulturdepartementet våren 2023.

I september la regjeringa fram ein idrettsstrategi. Med denne strategien vil regjeringa fremje mangfald og inkludering i idrett og bidra til å styrkje idrettsaktiviteten etter pandemien.

Det vedtekne jordbruksoppgjeret inneber ei betydeleg styrking av klima- og miljøsatsinga i jordbruksavtalen, under dette investeringar i klimatiltak som skal bidra til utsleppsreduksjonar. Regjeringa prioriterte auka produksjon og sjølvforsyning på område der det er marknadsmoglegheiter.

Nedbygging av dyrka jord er gradvis redusert dei siste åra. Regjeringa har lagt fram ein oppdatert jordvernsstrategi og fastsett eit mål om at årleg omdisponering av dyrka jord skal vere redusert til 3 000 dekar innan 2025.

Regjeringa har blitt samd med Norske reindriftsamers landsforbund om ein reindriftsavtale for 2021–2022. Avtalen inneber ei betydeleg styrking av rammevilkåra for næringa og prioriterer å ta vare på areala til reindrifta, kriseberedskap og tiltak for å vareta norske reindriftsutøvarar som ikkje kan bruke beiteområda sine i Sverige.

 

Gitt på Det Kongelige Slott 1. oktober 2021

Under vår hand og riksseglet